Sølv til Julie: Julie Noraberg Nilsen (t.v.) frå Seljord IL tok sølv i diskos under junior NM. Berit Stunes Isene vann med 42.67 meter.

Sølv til Julie i junior NM

Friidrettsutøvaren til Seljord IL, Julie Noraberg Nilsen, overraska seg sjølv med NM-sølv og personleg rekord i diskos sundag.

I helga vart junior NM i friidrett halde på Kristiansand stadion. Julie Noraberg Nilsen tevla sundag i diskos, og kunne hente heim sølvmedalje i U-23 i diskos med 41.11 meter, noko som også er personleg rekord.

– Eg konkurrera bare i diskos denne helga ettersom kule var på fredag som då kollidera med studiestart. Det var ein spanande konkurranse, og det var eit veldig fint stemne og vêret var heilt topp, fortel seljordingen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho seier at førre veke gjekk mest i flytting og studiestart, og at det ikkje har blitt like mykje trening som ho hadde håpa på.

– Eg var derfor overraska over eigen prestasjon, og det vart endå meir moro at det klaffa i stemnet. Sjølv om eg veit at eg har mykje å gå på, er det moro å kjenne at eg gjer noko rektig. Eg er veldig fornøgd med pers, seier friidrettsutøvaren.