Godt besøkt: Biblioteket på Dalen ligg i same bygg som Tokke kulturhus og har ein jamn auke i besøkstalet.

Stadig fleire besøker biblioteket

Frå 2016 til 2019 gjekk det totale besøkstalet for hovudbiblioteket på Dalen og filialen i Høydalsmo frå 16 584 til 19 977.

I årsmeldinga til Tokke kommune forklarar kommunen auken med utvida opningstid etter at dei innførte meirope og sjølvbetening ved hovudbiblioteket på Dalen. Dette tilbodet er populært, særleg dei ettermiddagane det er mykje anna aktivitet på kulturhuset og i idrettsanlegga. I Høydalsmo er det også ein liten auke i besøk etter at filialen vart pussa opp.

Utlånet av film og lydbøker går ned år for år, men det er likevel ein auke i det totale utlånstalet, frå 17 254 i 2016 til 17 991 i fjor. Det er god vekst i utlån av fagbøker og skjønnlitteratur for barn, og innkjøp av bøker til barn blir prioritert, står det i årsmeldinga til kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kampanjen Sommarles bidreg også til dei gode tala, og biblioteket gjennomførte 35 arrangement i løpet av året. Høgdepunktet var markeringa av 20-årsjubileet for Harry Potter på norsk som var eit samarbeid med Dalen hotell. Elevane frå 5. og 6. klasse i kommunen vart invitert til ein kveld på ein lokal versjon av Galtvort høgare skule for trolldom og hekseri.