Garn: Noregs jeger og fiskeforbund inviterer alle strikkeglade med på å designe heile Noregs jakt- og fiskegenser.

Design den nye jakt- og fiskegenseren

Strikking er populært, og ein hobby mange trivst med. I år inviterer Noregs jeger og fiskarforbund (NJFF) til tevling om å designe Noregs nye jakt og fiskegenser.

Fram til 15. desember i år kan alle som har lyst vere med i tevlinga om å designe den nye genseren.

NJFF melder på heimesida si at ein må sende bilde av genseren med oppskrift til strikke@njff.no, og at det i starten av januar vil vere kåra ein vinnar som får 10 000 kroner i premie.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er sett nokre krav som mellom anna går på at genseren skal relaterast til jakt, fiske eller friluftsliv og at den også må kunne strikkast i barnestorleik.

Juryen er sett saman av Karoline Akre, kommunikasjonskonsulent, Karina Gjerde, barne- og ungdomskonsulent og Hilde Nøren​, organisasjonskonsulent i NJFF og Torgeir W. Skancke, journalist, Jakt & Fiske.