Helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) meiner det er grunn til å tru at Noreg går klar av italienske tilstandar.Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix / NPK

Høie: Grunn til å tru at vi unngår Italia-situasjon

Helseminister Bent Høie (H) meiner det er grunn til å tru at Noreg går klar av italienske koronatilstandar, men understrekar at vi ikkje kan senke skuldrene.

Høie nemner at Noreg innførte strenge tiltak med ein gong ein oppdaga smittespreiing i samfunnet, og at ein sannsynlegvis oppdaga smittespreiinga ganske tidleg.

– Det gjer at det er grunn til å tru at vi ikkje hamnar i ein slik situasjon som den i Italia, seier helseministeren til NTB.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han understrekar at sjølv om det ikkje er teikn til at vi er på veg mot italienske tilstandar, kan vi ikkje senke skuldrene. Helsestellet rustar likevel opp til ein epidemitopp i mai eller juni i tråd med Folkehelseinstituttets førebelse berekningar.

– Så jobbar vi for å unngå ein slik topp. Viss vi klarer å slå ned smittespreiinga, og sørgjer for at kvar person i gjennomsnitt smittar éin annan person, så har vi nådd toppen allereie. Men det veit vi ikkje nok om enno, seier Høie.

(©NPK)