Langrenn: Johannes Lønnestad Flaaten er ein av mange talentfulle skiløparar i Vest-Telemark, som har tatt store steg denne sesongen.

Skitalenta frå Morgedal IL i noregstoppen

Noregscupen er avslutta for sesongen og medan Ingerid Vadder vann si klasse K17, kom Johannes Lønnestad Flaaten på 3.-plass i M18. Båe går for Morgedal IL.

Etter at Noregscuppen vart avlyst rett før rennet på Beitostølen vart resutaltlista ståande utan dei siste konkurransane. Vest-telemark og Morgedal kan seie seg nøgde med innsatsen til sine skiløparar.

Ingerid Vadder vann sin klasse og Johannes Lønnestad Flaaten kom på 3.-plass samanlagt. Flaaten gjekk seg kraftig opp frå ein 36. Plass i fjor. Erik Ringhus kom på 15.-plass i år mot 75. Plass i fjor. Noko som også vitnar om ei fin utvikling.

Artikkelen held fram under annonsen.

Flaaten er no heime og trenar, sidan undervisninga er stengt på Hovden skigymnas. Han oppsummerer sesongen sin for VTB.

– Det har vore ein fin sesong, og eg har vore heldig å unngått skader og sjukdom. Difor har eg fått trent godt, og alt har gått som det skulle, seier han.

– Det er nok kontinuiteten i treninga som har gjort utslaget. Eg synest det var synd at me ikkje fekk gått sesongfinalen på Lillehammer samtidig med NM del 2. det var eit renn eg hadde gleda meg mykje til. seier han.

Men den unge langrennaren ser positivt på framtida.

– Det gjeld å nytte tida godt. Når skulen er stengt, trenar eg på eiga hand, og reknar med å ha ei lita pause rundt påsketider før sesongoppkøyringa startar 1. mai. I denne tida held eg meg i rørsle, og drive med andre aktivitetar, seier Flaaten.

Han rosar næringslivet i Seljord som støttar han i satsinga, og oppfølginga han får frå skigymnaset og trenar Roar Hjelmeset.

– Neste år skal eg opp til klassa for eldre junior. Det er mindre sannsynleg at eg kjem på pallen i fyrste sesongen der, men held eg meg frisk og får trent godt, skal eg gje alt eg har. På sikt vonar eg å stille på startstrekken i junior VM om to år. Men det er klart, mykje kan skje på den tida, seier han.