Vil ha svar: Hartwig John (V) kom ein interpellasjon til kommunestyret og vil ha svar på kva som blir gjort med underskriftskampanjen.

Vil ha svar om gang- og sykkelvegen

Før valet i haust tok Kviteseid Venstrelag initiativ til ei underskriftskampanje for utbygging av gang- og sykkelveg langs Rv 41 i Kviteseid. Venstreleiar Hartwig John stiller nå spørsmål til kommunestyret og ordføraren om kva som har blitt gjort etter kampanjen.

Alle ordførarkandidatane støtta kampanjen, og ifølge John skreiv over tusen personar under på kampanjen.

– Listene frå underskriftskampanjen er sendt samferdselsdepartementet i fjor haust. Det har ikkje kome svar til Kviteseid kommune. Formannskapet oppretta eit ad hoc-utval for gang- og sykkelveg, og utvalet vil bruke underskriftene i sitt arbeid med gang- og sykkelvegen, svara ordførar Bjørn Nordskog (Sp).

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Vil ha betre tryggleik langs RV41
Les også
– Me har alt måtta kasta oss ut av vegen to gonger