Kyrkjesamarbeidet i Øvre Telemark har fått 100 000 kroner til arbeid med å rekruttere ungdom til kyrkjeleg arbeid. 	Arkiv
Kyrkjesamarbeidet i Øvre Telemark har fått 100 000 kroner til arbeid med å rekruttere ungdom til kyrkjeleg arbeid. Arkiv

– Vil rekruttere dei unge

Prosjektet Ønsket og Elsket, med Seljord kyrkjelege fellesråd som vertskap, får 100 000 kroner av Kyrkjerådet.

Pengane kjem godt med i å utvikle og styrke det interkommunale arbeidet med rekruttering til kyrkjeleg arbeid i Øvre Telemark.

– Dette er felles ungdomsarbeid og kyrkjesamarbeid for heile kyrkja i Øvre Telemark, det er det viktig å understreke. Seljord kyrkjelege fellesråd får den økonomisk administrative delen av det, sidan Seljord er prostisetet i regionen, seier ungdomsprest i Seljord, Petter Jakobsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein tiandedel av midlane

Frå før av har samarbeidsprosjektet arrangert store, felles konfirmantleirar for opp mot 200 ungdomar og leiarkurs for alle som vil i Øvre Telemark. No som prosjektet har fått ti prosent av alle midlane som har blitt delt ut på landsbasis, gjer dei seg klare for endå meir rekruttering til kyrkjeleg utdanning og teneste.

– Me er blant mange søkarar, og det er eit utval av ganske få som får desse midlane. Å få ein tiandedel av det som er lyst ut er veldig fint, seier Jakobsen fornøgd.

På tvers av kommunegrensene vil Ønsket og Elsket jobbe vidare med dei aktive ungdomane for å motivere dei til å halde fram med å bevare engasjementet for kyrkja, utover det å vera medlem, men å aktivt vera med og for at det skal vera ein naturleg låg terskel for å til dømes utdanne seg innan kyrkjeleg arbeid.

– Målet vårt er at dei unge skal ha eit tilhøyre i kyrkja, seier Jakobsen.

Ei rekrutteringsutfordring

Det pengane fyrst og fremst går til i det komande året er å vidareutvikle det arbeidet kyrkja alt gjer.

– Me vil auke kvaliteten, særleg med ungdomsleiarane, som desse midlane i hovudsak er retta inn mot. Me må halde fram og spisse med tanke på rekrutteringsutfordringa kyrkja står overfor og sjå kva me kan bidra med lokalt for å endre på det, seier Jakobsen.

line@vtb.no