Flest grøne: Dei fleste Nav-brukarar er vurdert som grøne (trygge) på Nav sin skala, og dei kan møte rettleiaren sin nær sagt kor som helst, fortel Nav-leiar Gerd Kari Skålen.

Nav-stenginga: – 98 prosent av brukarane er «grøne». Dei kan me møte kvar som helst

Fleire Nav-kontor i Vest-Telemark er stengde fordi dei ikkje er trygge nok med tanke på sikre brukarmøte. Likevel kan dei aller fleste Nav-brukarar få møte sin rettleiar nær sagt kor som helst, fortel Nav-leiar Gerd Kari Skålen.

Arbeids og velferdsdirektoratet og KS har utarbeidd ein standard for trygge brukarmøte, og ut frå denne vart vurderinga at dei fleste lokasjonane Nav nyttar rundt i Vest-Telemark ikkje er trygge nok for dei tilsette.

– Det er ikkje mogeleg å rømme inn i sikre soner og koma oss unna om nokon ikkje er greie med oss, forklara Nav-leiar Gerd Kari Skålen då ho besøkte kommunestyret i Vinje tysdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

I same møtet løyvde politikarane 400 000 kroner til eit forprosjekt for å bygge om bankbygget i Åmot, der både Nav og barnevernet held til.

– Eg er kjempeglad for planane som er lagt her, der ein ser på heile heilskapen i bygget der me er for å få til gode løysingar for rømmingsvegar og sikre soner, sa Skålen.

– Men det gjer at det tek ganske lang tid å få på plass att noko her i Vinje. Planen no er ein gjennomgang og ei risikovurdering for å sjå på moglegheiter for korrigerande tiltak slik at me kan klare å opne så me kan treffe brukarane.

Dei fleste kan få fysiske møte kor som helst

Skålen forklarte at alle som har ein rettleiar på Nav har fått telefonnummer direkte til denne, og at digitale møter alltid skal vurderast som fyrste alternativ ved oppfølging.

– Me har erfaring med dette frå pandemien, og mange kan nytte dette. Men dei som har behov som ikkje let seg løyse digitalt, der må me legge til rette for fysiske møte, sa Skålen.

Og for dei fleste Nav-brukarane finst det faktisk fleire moglegheiter for fysiske møte.

– Det høyrest ulogisk ut, men me kan låne møterom andre stadar som ikkje er Nav sine, under føresetnad av at me vurderer brukarane våre, forklarte Skålen.

For Nav har ein fargeskala for å vurdere brukarane, der grøn betyr trygg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Og 98 prosent av brukarane våre er grøne. Dei kan me møte kor som helst, til og med heime hos brukarane, sa Skålen.

Nye brukarar må ha fysiske møte på Dalen

– Det er veldig lite av det andre, sa Skålen, med referanse til andre fargar på skalaen enn grøn.

– Men det kan me ikkje vite på førehand, så nye folk som me ikkje har møtt før er aldri grøne. Me må kartlegge dei for å vite, og den einaste staden me kan møte dei er på Dalen.

Hovudkontoret på Dalen er ope for alle brukarar, og har drop-in måndag og torsdag. Nav vurderer fortløpande om dei må ha meir ope.

– Men det er vanlegvis frå to til fire brukarar innom på dei fire opningstimane, så det er ikkje eit stort behov for drop-in i forhold til brukarane våre, sa Skålen.

Ei gruppe med stort behov, og der det stadig kjem heilt nye brukarar, er flyktningane.

– Mange flyktningar bruker Nav mykje, og her må me ha fysiske løysingar, sidan dei ikkje er dei mest digitale, sa Skålen.

– Men me prøver å finne løysingar slik at det skal vere minst mogleg belastande for brukarane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Opprustinga vart langt billigare enn venta. No er det ynske om å ta inn to nye prosjekt i planen: – Naudsynt å gjera så fort som mogleg
Les også
Fire av Nav-kontora er framleis stengde
Les også
NAV-kontoret vil truleg vere stengt i minst eitt år. – Eg føler ikkje at me kan gjere noko anna med dei hendingane som har vore
Les også
Strakstiltak: Stenger fem av NAV-kontora for brukarmøte