Stengt: Nav-kontora i Seljord, Vinje, Kviteseid og Nissedal er framleis stengt for fysiske brukarmøte.

Fire av Nav-kontora er framleis stengde

For å ivareta tryggleiken til dei tilsette vart fem av dei lokale Nav-kontora i Vest-Telemark stengde for fysiske brukarmøte i februar.

Støtteteam for tryggleik og eigedom frå arbeids- og velferdsdirektoratet konkluderte med at Nav-kontora i Vinje, Seljord, Kviteseid, Nissedal og Fyresdal ikkje tilfredsstilte krava til retningsliner for trygge brukarmøte i NAV. Som følgje av det vart dei fem kontora stengt i midten av februar.

– Nå er kontoret i Fyresdal opna igjen, fortel Gerd Kari Skaalen som er Nav-leiar i Vest-Telemark.

Artikkelen held fram under annonsen.

Der er det ope drop-in kontor på tysdagar klokka 10-14.

Hovudkontoret på Dalen er også ope, og brukarar frå alle kommunane kan nytte seg av det kontoret.

– I tillegg blir det mykje digital oppfølging, fortel Skaalen.

I samarbeid med kommunane ser Nav nå på kva som må til av tiltak for at kontora skal tilfredsstille krava, og korleis dette skal bli finansiert.