Fekk pris: Arnstein Wolden (f.v.), Carina Thorvaldsen og Helge Hellesø Lundgren frå Seljord FrP. Seljord er ein av dei kommunane i landet det FrP fekk størst oppslutning ved valet i 2023. — Me vart nr. 17 i landet, fortel Thorvaldsen.

Vart kåra til årets lokallag. – Folk føler seg velkomne i partiet vårt

Seljord FrP vart laurdag kåra til årets lokallag for 2023 i Telemark.

Carina Thorvaldsen, som er varaordførar i Seljord, meiner partiet har vore gode på bygge eit godt lag.

– Me jobbar godt saman og vil det beste for partiet, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lokalpolitikaren opplever at det er eit godt miljø i lokallaget og får stadig høyre at folk føler seg velkomne.

Medlemstalet har vore aukande og Framstegspartiet gjorde også eit godt val i Seljord.

Thorvaldsen er glad for at dei også har fått gjennomslag for ein del av politikken sin.

Ho set pris på at dei blir lagt merke til i fylket og fortel at Seljord FrP nå ynskjer å jobbe for eit sterkare FrP i heile Vest-Telemark. Frå før er det lokallag i Nissedal og Vinje. Thorvaldsen håpar på sikt at det også blir lokallag i dei andre kommunane.