Etter ei rådgivande folkerøysting i Hjartdal i Telemark går eit fleirtal inn for å behalde nynorsk som hovudmål på offentleg skule i kommunen. Foto: NTB/ NPK

Fleirtal for nynorsk i Hjartdal

Etter ei rådgivande folkerøysting i Hjartdal går eit fleirtal inn for å behalde nynorsk som hovudmål på offentleg skule i kommunen.

Nynorsk fekk 189 stemmer, medan bokmål fekk 158 stemmer. Fire stemte blankt.

Ordførar Bengt Halvard Odden hadde håpa på eit klarere resultat, og seier til NRK at dette ikkje gjer valet enkelt når kommunestyret skal avgjere saka 26. april.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var berre 30 prosent av dei røysteføre i kommunen som deltok i folkerøystinga.

(©NPK)