Einsam og utrygg: Mohamed frå Syria sit i ein tom leilegheit i Haukeli og er svært engsteleg for framtida.

Det er over fem år sidan Mohamed kom til Vinje – Eg veit ikkje kva eg skal gjere. Eg er så bekymra, både for familien min og for mi eiga framtid

I ei tom leilegheit i Haukeli sit syriske Mohamed (21) medan bileta frå heimlandet rullar over mobilskjermen. – Eg berre sit her inne, eg veit ikkje kva eg skal gjere, fortel han.

For mange flyktningar som kjem til Noreg er det ei reise frå utryggleik til tryggleik. I følgje Mohamed byrja det slik for han og familien hans også.

– Me kom til Noreg og Vinje i 2017, mor, far, eg og fem sysken, fortel han på famlande norsk. Det tek lang tid å finne dei rette orda. For at han skal få fortelje meir detaljert og flytande, ringer han til ein ven som snakkar både norsk og arabisk. Telefonen ligg mellom oss på det mønstrete teppet. Då kjem orda som ein foss, på arabisk.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg er nest eldst i syskenflokken, og var 17 år då eg kom til Vinje. Men flukta starta i 2012, då familien min flykta frå Syria til Libanon, omset telefontolken for Mohamed.

Skrekkhistorier om barnevernet

I nokre månadar var heile familien i Vinje, og Mohamed kjende at han endeleg kunne senke skuldrene. Så vart alt snudd på hovudet då mor hans flytta attende til Syria saman med dei fire yngste borna.

– Ho høyrde skrekkhistorier om det norske barnevernet, og trudde dei kom til å ta ungane frå henne, fortel Mohamed.

Han og storesystera vart att i Vinje saman med faren, medan mora og dei yngste borna drog attende til det krigsherja heimlandet.

– Eg visste ikkje at ho planla dette, og det gjorde at alt rasa saman for meg, fortel Mohamed. Han fortel at heimreisa til mora og søskena vart farefull og krevjande, og at bekymringa for dei gjorde det vanskeleg for han å konsentrere seg om introduksjonsprogrammet.

Mange ville hjelpe

– Det var mange som prøvde å hjelpe meg då alt dette skjedde. Eg fekk mellom anna psykologhjelp, fortel Mohamed. Introduksjonsprogrammet vart han etter kvart ferdig med, men etter dette har han ikkje kome vidare. Han strevar med språket, og fortel om ein kvardag der bekymring og mørke tankar dominerer.

Hausten 2022 fekk han hjelp til å koma i gang med skule

– Eg fekk hjelp av dei på integrering til å flytte til Lunde for å begynne på vidaregåande skule. Det var då alle møblane eg hadde vart kasta, fortel han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mohamed var glad for å koma til Lunde, men likevel skulle det vise seg at det å bli buande i Lunde og gå på skule der, ikkje fungerte.

– Så etter ein månad kom integreringstenesta og henta meg attende, og plasserte meg her, seier han og ser rundt seg.

Han er i ei tom leilegheit i Haukeli, med gardinene trekt for.

– I snart eit halvt år har eg berre sete inne og veit ikkje kva eg skal gjere. Psykologhjelpa er avslutta, og etter jordskjelvet greier eg ikkje tenke på noko anna enn familien. Huset deira er øydelagt og dei kan ikkje bu i det, seier han og viser bilete av rom med store sprekkar i veggar og tak.

Faren skal ha reist attende til Syria for å hjelpe mora, medan storesyster til Mohamed er hos han. Så heilt åleine er han ikkje, men ingen av syskena ser korleis dei skal koma vidare i livet. Dermed sit begge i leilegheita og kjenner seg rådlause.

Sidan Mohamed og systera ikkje er i utdanning eller arbeid, heng også håpet om varig opphaldsløyve i ein tynn tråd. På toppen av det heile skal han no ha fått beskjed frå tildelingskontoret om at han må flytte ut, fordi kommunen treng bustaden til nye flyktningar.

– Men kvar skal eg gjere av meg då? Kva skal eg gjere? spør han fortvila.

– Ingen vert sett på gata

VTB har vore i kontakt med tildelingskontoret i Vinje, men dei viser til verksemdsleiar Carsten Hald. Han oppmodar flyktningar som kjenner seg fortvila om å kontakte sin kontaktperson på integrering. Dei vidare kommentarane frå Hald er generelle kommentarar, og gjeld ikkje Mohamed si konkrete sak.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ingen vert sett på gata av kommunen, seier Carsten Hald, som er verksemdsleiar for personar med særskilde behov i Vinje kommune.

– Ingen vert sett på gata av kommunen, seier Hald.

– Men av og til kan det vere naudsynt å flytte til eit anna husvære. Dette kan skje av fleire årsaker, til dømes at storleiken på bustaden ikkje passar. Viss ein einsleg person har eit husvære med fleire soverom, og det kjem ein familie som treng fleire soverom, så kan det bli behov for å flytte vedkomande, forklarar Hald.

– Ein annan grunn til flytting kan vere at buevna deira ikkje passar til bustaden. Det kan også vere at oppfølging blir vanskeleg viss dei bur for langt unna hjelpa, til dømes viss dei er busett i Vierli, Edland eller Øyfjell.

Generelt ønskjer kommunen at flest mogleg skal ha kome seg over i den private bustadmarknaden innan tre år.

– Men for nokre går ikkje det, til dømes fordi dei har så låg buevne at dei ville blitt sagt opp i den private marknaden. Og då er det kommunal bustad som er alternativet.

Like rettar som alle andre

Når ein flyktning har vore lenger enn fem år i Noreg, slik Mohamed har, så vert ein ikkje lenger rekna som flyktning, men som ein ordinær innbyggjar. Som alle andre innbyggjarar kan ein då kontakte til dømes fastlegen sin eller Nav dersom ein treng hjelp. Leiar i Nav Vest-Telemark, Gerd Kari Skaalen, understrekar at retten til hjelp er der for alle innbyggarar i kommunen, med eller utan flyktningbakgrunn.

– Det finst nordmenn også som sit inne i fem månadar apatiske, for å setje det på spissen, seier Skaalen. Også ho kommenterer saka på generelt grunnlag, og ikkje Mohamed si konkrete sak.

– Det må jo vere helsehjelp dei treng. Og dei har krav på helsehjelp, men dei må søke om det, seier ho, og legg til at både tildelingskontoret og Nav kan hjelpe til med slik søknad.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men det må ei aktiv handling til frå den som slit?

– Ja, det må det. Me kan ikkje tvinge folk til å få hjelp. Og me kan ikkje lukte oss til at dei treng det.

Aktiv handling: – Ein har rett på helsehjelp, men ein må søke om dette, seier leiar i Nav Vest-Telemark, Gerd Kari Skaalen.

Ekstra utfordringar

Sjølv om dei reknast som ordinære innbyggarar etter fem år, kan det vere nokre ekstra utfordringar for personar med flyktningbakgrunn som slit og treng hjelp, seier Skaalen.

– Nokre kan ha ein kultur som tilseier at det er skammeleg å be om hjelp til psykisk helse.

Ei anna utfordring kan vere språket. Her er det ein skilnad på dei som gjekk introduksjonsprogrammet før 2022, slik Mohamed gjorde, og dei som gjeng programmet no.

– Før 2022 avslutta ein introprogrammet etter to år, uavhengig av kva språkleg nivå ein var på, medan det no er krav til eit visst språkleg nivå.

Arbeidstrening eller støttekontakt

Eit tiltak Skaalen har god erfaring med er arbeidstrening med lønstilskott frå Nav.

– Det er fleire som har fått jobb på denne måten i 2022, fortel ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Arbeidsgjevarane i Vest-Telemark er veldig ålreite og har sosiale antenner ute. Dei vil hjelpe.

Eit anna aktuelt tiltak kan vere støttekontakt.

– Nokon kan ha god nytte av å ha ein støttekontakt som til dømes hjelper dei å handle eller følgjer dei på trening. Dette er det helseetaten i kommunen som har, seier Skaalen, men åtvarar samstundes om at dette kan vere lettare sagt enn gjort.

– Ein støttekontakt nokre timar i veka kan ein få vedtak på, men denne personen må også finnast, forklarar ho. Dette kan vere ei utfordring.

– Det har kome mange, og tenestene er sprengt over heile lina.

Seier frå

Det fyrste skrittet er uansett å få formidla at ein treng hjelp. Mohamed fortel om kontakt med både kommunen og Nav, og om hjelp han har fått tidlegare, mellom anna frå psykolog, tildelingskontoret og integreringstenesta.

Han opplever at han har sagt ifrå, at systemet veit at han slit.

Tidspunktet han opplever at hjelpa opphørte og han vart overlaten til seg sjølv var hausten 2022, etter heimflytinga frå Lunde. Det same tidspunktet der størstedelen av rekordmottaket i Vinje i 2022 tok til, og systemet vart svært pressa.