Listetoppar: Beate Marie Dahl Eide og Sondre Aasan toppar Senterpartiet-lista.

Dahl Eide og Aasan toppar Sp-lista igjen

Seljord Senterparti stiller med ordførar Beate Marie Dahl Eide (41) og varaordførar Sondre Aasan (38) på toppen av lista til lokalvalet neste år. Det vedtok nominasjonsmøtet i partiet onsdag kveld.

Senterpartiet i Seljord gjorde eit historisk godt val i 2019 med heile 43,9 prosent av røystene, og inntok ordførarstolen i bygda att – 12 år etter siste Sp-ordførar, John Kleivstaul. Leiar i nominasjonskomitèen Terje Haugland seier ambisjonen er å framleis styre kommunen etter valet:

– Beate Marie og Sondre har leia kommunen på ein trygg og samlande måte i ei svært krevjande tid. Senterpartiet ynskjer dei to vidare i førarsetet, seier Haugland i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han seier Beate Marie er ein tydeleg, engasjert og omgjengeleg politikar, med klare bodskap på vegner av Seljord og sakene som kommunestyret og innbyggjarane er opptekne av.

Dahl Eide seier i ein kommentar til nominasjonen at ho er klar for å fortsetje som ordførar om veljarane vil.

– Eg er glad i kommunen eg bur i og brenn for å gjere Seljord endå betre. Me har fått gjennomført mykje hittil, men har framleis mykje ugjort. Å satse vidare på å utvikle heile Seljord, få rusta opp Seljord barne- og ungdomsskule og å sikre Seljord som eigen kommune er høgt prioritert for Senterpartiet, seier ordføraren.

På grunn av pandemien har Sondre Aasan hatt ei ekstra sentral rolle som varaordførar denne kommunestyreperioden. Han vart tatt inn i beredskapsleiinga i kommunen og har med sin allsidige bakgrunn innan både IT og landbruk vore eit viktig bidrag der. Aasan seier at det å delta så aktivt i beredskapsarbeidet saman med ordføraren og administrasjonen både gav ekstra innsikt og oversikt, som har vore til stor nytte i varaordførarjobben. Han er motivert for ein ny periode i kommuneleiinga.

Haugland og nominasjonskomitèen fortset no arbeidet med resten av vallista for Senterpartiet.

Nominasjonskomiteen i Seljord Senterparti består av Terje Haugland (leiar), Irene Wik Aarbakk og Eilev Bjørge.