Konsert uansett: Bootlegs baud på ein gratis familiekonsert frå scena i sentrum klokka 13.

Festen vart avlyst – kroa er selt

Laurdag kveld skulle Bootlegs ha spela til dans på Heimat i samband med Vinjedagane. I staden vart det gratis familiekonsert klokka 13. Samstundes bekreftar eigarane at Heimat er selt.

– Det vart endring i planane, men festen vart avlyst på grunn av utfordringar med å skaffe bemanning og vakthald, seier styreleiar Sverre Ødegård til VTB.

Selt: Heimat i Åmot har fått nye eigarar.

Han avviser at det er nokon samanheng mellom salet og avlysinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette salet har me jobba inn mot gjennom nokre månadar. Me sel av praktiske årsaker, fordi me bur såpass langt unna Vinje, forklarar han.

Både han og medeigar Atle D. Isaksen bur i Grenlandsområdet. Ødegård fortel at dei snart kjem med informasjon om kven dei nye eigarane er.

– Me kjem attende til kven dei nye eigarane er i neste veke, men vårt inntrykk er at dei ønskjer å vidareføre samarbeidet med Vinjedagane, slik at det blir konsert neste år, forsikrar Ødegård.