Tore Skaug.

Minne om Tore Skaug

Bladmannen Tore Skaug har lagt ned pennen sin. Med det har Vest-Telemark blad sin fyrste redaktør gått ut av tida. Men det store arbeidet han la ned for å gjera folks dystre spådommar til skamme vil stå som eit lysande døme på at arbeidet med å lage lokalavis for denne regionen har vore vellukka.

Tore blei leiaren for den nystarta avisa som mange ikkje hadde tru på – og som nokre slett ikkje ønska at skulle lukkast.

Artikkelen held fram under annonsen.

Når det er gjort eit så godt førearbeid med bladet så er det vår skuld om me ikkje lukkast, sa Tore.

Så ausa den vesle redaksjonen, med den bestemte redaktøren, moderne journalistikk ut over dei som styre og stelte i regionen. Offentleglova blei praktisert. Og til slutt opna skriveria i den vesle lokalavisa dørene til formannskapa og postjournalane i kommunane i Vest-Telemark.

Redaktørens leiarar blei lagt merke til langt ut over Vest-Telemark. Lokalbladet blei ei avis som sette dagsorden. Lokalavisa blei ein stor del av Tore Skaug sitt livsverk. Han sette seg i respekt som journalist.

Slikt kan det bli bråk av. Og bråk blei det. Fleire gonger la redaktøren fram sitt syn i styremøte der eigarrepresentantane meinte at redaksjonen gjekk for langt. Det roa seg etterkvart. Bladmannens område var ikkje noko som bedriftsstyret skulle blande seg inn i.

Han blei og ein skribent som meistra nynorsk til fulle. Tore blei ein solid språkvaskar til bate for nynorsken. Mange fekk tilbakemeldingar på språkføringa si av han.

Mykje kunne vore skrive om Veslebladet sin fyrste bladstyrar.

Eg vil minnast bladmannen Tore Skaug som sjef og medarbeidar og granne. Takk for desse åra.

John Straume

Artikkelen held fram under annonsen.