Budsjettnemnda for jordbruket la onsdag fram grunnlaget for jordbruksoppgjeret. Biletet er frå Sørum kommune. Foto: Vidar Ruud / NTB / NPK

Bøndene får inntektssmell

Prognosar frå Budsjettnemnda for jordbruket viser at inntektene til bøndene ligg an til å stupe med over 40.000 kroner i 2022.

Prognosane går fram av grunnlaget for jordbruksforhandlingane frå Budsjettnemnda.

Dei normaliserte rekneskapane til Budsjettnemnda viser ein nedgang i vederlaga til arbeid og eigenkapital per årsverk på 40.400 kroner for 2022. Det utgjer eit inntektsfall på 9,5 prosent.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hovudforklaringa er sterk prisvekst i kjølvatnet av koronapandemien og krigen i Ukraina.

– Vi har no fått dokumentert kostnadsbølgja som gir jordbruket store utfordringar, trass i tilleggsforhandlingane hausten 2021 og straumstøtta, seier landbruks- og matminister Sandra Borch (Sp) i ei pressemelding.

– Vi vil gå grundig inn i tala og legg dei til grunn for forhandlingane om ein ny og viktig jordbruksavtale, forsikrar ho.

Prisvekst

Berekningane til budsjettnemnda viser ein auke i inntektene til bøndene på 3 prosent frå 2021 til 2022. Men i den same perioden aukar kostnadene med 11 prosent.

Prisveksten treffer ei rekkje innsatsvarer i jordbruket, som gjødsel, diesel, fyring i veksthus, plast til rundballar og stål til maskiner og konstruksjonar.

Samtidig er uvissa unormalt stor.

– I år er det ekstra utfordrande å budsjettere, særleg prisutviklinga på kostnadspostane som har auka mest, som gjødsel og energi. Stor kostnadsauke får gjerne også effekt på volum, og det vil normalt påverke inntektssida, seier Lars Johan Rustad i Budsjettnemnda i ei pressemelding.

Pandemien er heller ikkje over, påpeikar han.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er heile byar i Kina der folk er i karantene no. Då stoppar båtane som fraktar varer, opp.

Bondelaget krev løft

Norges Bondelag meiner tala stadfestar den alvorlege situasjonen i jordbruket.

– Det vil prege jordbruksoppgjeret, seier Bondelags-leiar Bjørn Gimming.

– Utviklinga viser at den enorme kostnadsveksten vi står oppe i, har svært tøffe økonomiske konsekvensar for bonden. Når inntektsveksten over fleire år har vore låg, så er jordbruket også meir sårbart. Det ser vi resultatet av no, åtvarar han.

Gimming krev no eit kraftig inntektsløft i jordbruksoppgjeret.

Fryktar for mattryggleiken

Kjersti Hoff, leiar i Norges Bonde- og Småbrukarlag, meiner situasjonen er kritisk for den norske mattryggleiken.

– Dette underbyggjer kravet vårt om at jordbruksforhandlingane må innehalde både kompensasjon for auka prisar på innsatsfaktorar og eit stort inntektsløft om vi skal halde oppe eit mangfaldig jordbruk i heile landet på norske ressursar, seier ho.

Bondeorganisasjonane vil no prøve å samle seg om eit felles krav. Dette skal overleverast forhandlarane i Landbruks- og matdepartementet innan 27. april.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tilbodet staten har til bøndene blir deretter lagt fram 4. mai.

(©NPK)