Fråværsgrensa i vidaregåande skule blir mellombels oppheva ut skuleåret, opplyser kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap). Foto: Ali Zare / NTB / NPK

Regjeringa set fråværsgrensa på pause etter smitteauke

Fråværsgrensa i den vidaregåande skulen blir oppheva mellombels ut skuleåret. Samtidig blir elevfråværet den siste månaden sletta.

– Vi har som mål at elevane våre skal vere mest mogleg på skulen. Samtidig har vi ein influensasesong på veg og framleis koronasmitte i samfunnet, sa kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) på ein hasteinnkalla pressekonferanse torsdag ettermiddag.

Sjuke skuleelevar som dreg til fastlegen for å få gyldig fråvær på skulen, har dessutan ført til eit press på legetenesta, ifølgje Brenna.

Artikkelen held fram under annonsen.

På bakgrunn av dette har regjeringa vedteke at det på nytt blir innført unntak frå fråværsregelen. Unntaket skal gjelde ut skuleåret.

Vart oppheva i oktober

Fråværsgrensa inneber at elevar ikkje kan vere borte frå skulen i meir enn 10 prosent av undervisninga i eit fag utan sjukmelding frå lege.

Under pandemien innførte regjeringa eit unntak frå fråværsgrensa i vidaregåande skule. Den 11. oktober vart dette oppheva.

Mange har meint at dette skjedde for tidleg, og fleire har den siste tida teke til orde for at fråværsgrensa mellombels bør opphevast igjen, blant dei Trondheim-ordførar Rita Ottervik (Ap), fylkesordførarane i Trøndelag og Vestland og SV.

– Det er heilt avgjerande for at dei får sosial tilhøyrsel til klassen og den faglege oppfølginga dei treng. Men fråværsreglane gjer det vanskeleg for elevane å følgje smittevernråda og samtidig vere mest mogleg på skulen, og derfor er det no rett å hente fram igjen unntaket frå fråværsgrensa, seier Brenna.

Tilbakeverkande kraft

Regelen har òg tilbakeverkande kraft, slik at det også inkluderer elevar som har hatt sjukefråvær frå 11. oktober, då fråværsgrensa tredde i kraft igjen. I denne mellomperioden blir derfor både legeerklæringar for elevane som har skaffa det, men også eigenmeldingar og foreldreerklæringar godtekne.

– Vi legg bak oss ein periode med stor belastning på skulane våre fordi pandemien har ført til meirarbeid og raske skifte i reglane. Eg er oppteken av føreseielegheit både for elevane og skulane, seier kunnskapsministeren.

Nyheita blir teken godt imot hos KS, som meiner det er bra at regjeringa har lytta til rådet frå fylkeskommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er openbert fornuftig at elevar som har luftvegssymptom, no slepp å kontakte fastlege for å få dokumentasjon på gyldig fråvær. Det er òg rimeleg at dette vil gjelde for resten av skuleåret, i lys både av uvisse om smittesituasjonen vidare og presset på fastlegane. Samtidig vil eg understreke at terskelen for fråvær elles heldigvis ikkje er senka, seier KS-styreleiar Gunn Marit Helgesen.

Fakta om unntak frå fråværsreglar

Fakta om unntaket frå fråværsreglane i vidaregåande skule som no blir innført på nytt:

* Elevar med symptom på sjukdom treng ikkje å gå til lege for å dokumentere fråværet.

* Alt fråvær av helsegrunnar kan dokumenterast med eigenmelding for myndige elevar og med foreldrestadfesting for dei under 18 år.

* Fråvær av helsegrunnar skal ikkje førast på vitnemål og kompetansebevis.

* Det gjeld òg covid-19-relatert fråvær, som testing og karantene.

* Reglane er dei same som gjaldt i nesten heile det førre skuleåret fram til 11. oktober i år.

* Elevar som har vore sjuke etter 11. oktober og fram til i dag, får sletta fråværet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kjelde: Kunnskapsdepartementet