Mastopning på Møsstrond: Det er lite å seie på utsikta frå Juvikfjell, der den nye masta står.

Ny mast sikrar dekning for «nesten heile Møsstrond»

Representantar frå kommunen og Telenor var til stades då den nye antenna vart opna onsdag.

Sjølve masta, som forsyner Møsstrond med både telefon- og 4G+-dekning står på Juvikfjell, men opninga vart markert på Kovesand, der møsstrondbuar Madeleine Jomafjell fekk æra av å klyppe snora.

– Vinje kommune i samarbeid med Telenor, fekk på plass ei ny mast som kringkastar gode 4G signal til dei stadene det hittil har vore utan dekning. Dette fører til at busetnaden langs med og ferdsel på Møsvatn, har større tryggleik og betre kommunikasjonstilbod, skriv næringssjef Knut Martin Edland i ein e-post.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mastopning: Representantar frå kommune og Telenor var til stades då møsstrondbuar Madeleine Jomafjell klypte snora og markerte at det no er kome 4G-dekning på Møsstrond. Frå venstre: Knut Ringhus frå Vinje kommune, Petter-Børre Furberg frå Telenor, Jomafjell, ordførar Jon Rikard Kleven, næringssjef Knut Martin Edland og Kenneth Carm frå Eltelnetworks.

Næringssjefen opplyser om at det no er god mobildekning «over nesten heile Møsstrond», og at arbeidet alt er i gang med å skifte ut dei gamle koparlinene til Skindalen, der det i dag framleis ikkje er dekning.

Han representerte kommunen under snorklyppinga, saman med ordførar Jon Rikard Kleven og prosjektleiar Knut Ringhus. Direktør Petter-Børre Furberg og dekningssjef Pål Lukashaugen var til stades frå Telenor, medan Kenneth Carm og Halvor Fehn møtte frå høvesvis entreprenøren Eltelnetworks og Rauland kraftforsyningslag.

Ordførar Kleven har også lagt ut ein statusrapport i etterkant av opninga på Facebook, der han skriv at kommunen og Telenor vil halde fram med arbeidet for å sikre dekning fleire flytte fokus til andre område i kommunen med dårleg mobildekning.

– No held me fram samarbeidet for å få på plass nye master i Bøgrend, Drivarbekkdalen-Gjevarvatn og Fonnli-Øygarden, opplyser han.