Circle K Kongsbergporten er ein av få ladeplassar der ein kan lade under tak samtidig som ein har tilgang på mat, kaffi og toalett. Foto: Terje Borud/Circle K

Naf vil at ladeplassar skal bli som bensinstasjonar

Sju av ti som kjøpte ny bil i august valde elbil, men Naf meiner det må bli enklare og meir komfortabelt å lade elbilen om fleire skal sjå på den som eit godt alternativ.

– Noko så enkelt som tak over ladestasjonen bør vere eit minstekrav, seier kommunikasjonsrådgjevar i Naf, Nils Sødal, i ei pressemelding.

Draumeeksempel er Circle K Kongsbergporten og Shell på Klett sør for Trondheim. Der er ladarane plasserte under tak som bensinpumper. Stasjonane byr på mat, kaffi, toalett og vindaugsvask ved ladaren, akkurat som andre bensinstasjonar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sødal meiner også det vil vere betre køsystem på denne måten.

– Alle kjenner systemet på ein bensinstasjon. Derfor vil det gå smidigare på dagane med høg trafikk, seier Sødal.

(©NPK)