Frå årsskiftet blir ikkje lenger Kjell Birger Teigen å sjå i uniform og hjelm. Ansvaret som utrykkingsleiar blir overført til Torgeir Listaul.
Frå årsskiftet blir ikkje lenger Kjell Birger Teigen å sjå i uniform og hjelm. Ansvaret som utrykkingsleiar blir overført til Torgeir Listaul.

Birger har stått parat for å rykke ut til brann og ulykker sidan 1975

Viss ikkje noko aldeles uføresett skjer, har Kjell Birger Teigen vore med på si siste utrykking med Seljord brannvesen. Kor mange gonger han har kasta alt han har i hendene og stilt opp for å gjera den viktige jobben i lokalsamfunnet, har han ikkje tal på. Men han har stått meir eller mindre parat i 43 år.

Ei intens uling set i gang. Lyden kan høyrast over heile sentrum av Seljord, ja vidare med. Tyfonane, som er plasserte på Telebygget og på Bringsåsnuten, varslar uhygge. Folk spring ut på tunet for å sjå om dei ser røyk nokon stad. Er det nokon kjende som er råka, tru?

Slike tankar har ikkje medlemene av det friviljuge brannvesenet tid til å tenkje. I hovudet har dei berre éin tanke; koma seg til brannstasjonen, få på seg uniform og hjelm, lokalisere brannen, hive seg i køyretøyet og koma seg av stad. Berre utrykkingsleiaren blei varsla over radio; resten av brannkorpset blei utkalla av tyfonen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Blei verva på Rugtveit

Slik var brannvarslinga då hendinga som førte til at Kjell Birger Teigen i 1975 blei «verva» til brannvesenet. Den ulande alamen hadde gått, og mange friviljuge i bygda hadde stilt opp for å hjelpe til. Denne gongen brann det på Rugtveit på Manheimstrondi. Den 21 år gamle Kjell Birger Teigen var nyss heimkomen etter gjennomført militærteneste, og møtte, som mange andre, opp for å ta del i sløkkingsarbeidet. Olav Kåsa var brannsjef den gongen. Etter at brannen var sløkt måtte dei ha vakt om natta. Brannsjefen spurte om nokon kunne ta det på seg. Teigen sa ja.

– Dermed blei eg verva som medlem av det friviljuge brannvesenet, smiler den avtroppande brannmannen, som skulle koma til å få 43 år i teneste for medborgarane sine i Seljord kommune. Ja, for hyttefolk og vegfarande, også – ikkje minst. Meir enn halvparten av utrykkingane skuldast ulykker.

For mange av lesarane er nok Teigen best kjent som bensinstasjonsdrivaren. Og det var nettopp det å få starte i dén bransjen han venta på då han hamna i brannvesenet. Same våren skulle han vera med og overta BP-stasjonen som låg ved Vallarbrui. Heile tida sidan har han drive bensinstasjon i bygda, under namn som Norol og Statoil, og no til sist Cirkle K.

Brannvesena er gode til å laga optiske fenomen. Denne flotte regnbogen dukka opp då dei, som brannøving, tente på våningshuset på Kastet i Nordbygdi.
Brannvesena er gode til å laga optiske fenomen. Denne flotte regnbogen dukka opp då dei, som brannøving, tente på våningshuset på Kastet i Nordbygdi.
Kjell Birger Teigen og Kai Rune Flatland (nr. to og tre frå venstre) blei takka av etter lang teneste i Seljord brannvesen. Til venstre brannsjef i Vest-Telemark brannvesen IKS Tore Metveit, og lengst til høgre beredskapsleiar i Seljord brannvesen Egil Birkrem.
Kjell Birger Teigen og Kai Rune Flatland (nr. to og tre frå venstre) blei takka av etter lang teneste i Seljord brannvesen. Til venstre brannsjef i Vest-Telemark brannvesen IKS Tore Metveit, og lengst til høgre beredskapsleiar i Seljord brannvesen Egil Birkrem.
I 2001 brann fabrikken til Seljord Lys AS. Gong på gong blussa brannen opp att, og brannfolka måtte til slutt berre konsentrere seg om å redde bustadhusa i nærleiken.
I 2001 brann fabrikken til Seljord Lys AS. Gong på gong blussa brannen opp att, og brannfolka måtte til slutt berre konsentrere seg om å redde bustadhusa i nærleiken.

Stabil stab

Mannskapsmessig har brannkorpset i Seljord endra seg lite. Dei talde 16 mann i 1975, som no. Av dei hadde 4 personar jobben som utrykkingsleiar, då som no. Ansvaret som utrykkingsleiande fekk Birger Teigen nokre år etter han starta som brannkonstabel, ein tittel han har hatt fram til han går av med pensjon nå ved årsskiftet.

– Det har aldri vore vanskeleg å få med folk i brannvesenet i Seljord. Slik har det vore heile tida. Me har eit veldig godt miljø, og det har ikkje vore store utskiftingar, fortel Teigen.

Ved årsskiftet no sluttar to av veteranane; Kjell Birger Teigen og Kai Rune Flatland. Flatland har også vore lenge i tenesta; han blei tilsett som brannkonstabel i 1993, og sluttar nå etter eige ynske. Dei to blei takka av før jol med gåver frå Seljord kommune og med ei brannøks som symbolsk påskjøning frå Vest-Telemark brannvesen IKS.

Om talet brannfolk ikkje er endra, har mykje skjedd på utstyrsfronten.

– Hugsar du den fyrste brannbilen du rykte ut med?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ja, det var ein International frå slutten av 1960-talet, med ei frontmontert pumpe og ein tusenliterstank, minnest han.

Å miste verdiar, miste heimen sin, miste kjære ting. Brann forårsakar så uendeleg mange tragediar. Korleis opplever ein brannmann dette?

– Der og då har ein fullt fokus på jobben som skal gjerast. Når ein står midt oppi det, tenkjer ein ikkje så mykje på det. Ved dramatiske hendingar har me gjerne ei debrifing etterpå. I brannvesenet har me eit veldig godt samarbeid mannskapet i mellom, og kollegaene hjelper kvarandre. Dermed har det aldri vore nokon langvarig prosess å bearbeide slike hendingar, seier han.

Brann inne i huset sitt

Fem gonger har Teigen vore med på utrykkingar der resultatet har blitt fatalt. Fire av desse var bilulykker som enda med omkomne. Berre ein einaste gong har han vore ute for at folk har brunne inne. Det var i 1979. Birger budde, då som nå, på Vallar.

– Fyrst høyrde eg tyfonen gjekk, så fekk eg som utrykkingsleiar melding på radioen. Meldinga lydde på at det brann i eit hus i Øverlandsgrendi. Eg minnest at då eg kom køyrande nedanfrå, såg eg at huset var overtent. Dette var om hausten, midt på natta. Eg visste godt kven som budde der, eg kjende vedkomande. Me byrja og sløkkje. Me visste også at han som budde der, var heime, slik at det var stor fare for at her ligg ein omkomen mann. Eg hugsar eg tenkte at her har det gjenge gale, fortel han om dødsbrannen.

Brannen blei sløkt, og mannskapet byrja å søkje i ruinane. Den omkomne blei funnen ved utgangsdøra.

– Her ligg han. Gå vekk alle saman, blei det kommandert.

Slik er rutinane. Då er det politiet som har ansvar for resten av arbeidet, også om det ikkje ligg føre noko kriminelt. Det var den 72 år gamle Svein Øverland som omkom i brannen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ljosfabrikken – det største bålet

Som fortalt tidlegare i artikkelen, har lite endra seg på det organisatoriske planet i dei tiåra Kjell Birger Teigen har vore brannmann. Bemanninga har vore likeeins, det same med vaktordninga. Som utrykkingsleiar, som heile tida har vore ei løna, lita deltidsstilling, har han éi veke vakt og fire veker fri. Eller fri og fri. Dei andre vekene, der han ikkje har vakt som hovudansvarleg, må han ut på utrykking på lik line med dei andre brannfolka.

Av brannar elles han hugsar godt, er brannane på ljosfabrikken. Tre gonger blei fabrikken råka av lauseld. Under storbrannen i 2001 kunne riksmedia melde om eit kjempedigert bål og ei vanvittig røykutvikling. To hus var evakuerte. Teigen hadde ikkje vakt, men var likevel til stades som vanleg brannkonstabel.

– Det var ikkje enkelt å sløkkje. På eit tidspunkt var me sikre på at me hadde fått stoppa brannen, men han heldt fram fordi det var så varmt. Dermed blei hovudmålet å avgrense brannen til fabrikkbygningane og berge bustadhusa ved sida av, seier han.

Den samfunnsnyttige innsatsen

Når Birger Teigen nå gjev seg vil han gjerne framheve kor godt brannvesenet fungerer kollegialt.

– Me har eit veldig godt miljø. Samarbeidet fungerer så fint. Me fordelar oppgåvene etter kva den einskilde er god på. Når samarbeidet er godt, går alt bra. Og samarbeidet med brannkorpsa i nabokommunane er også veldig bra, poengterer han.

– Innsatsen kastar ikkje mykje av seg?

– Nei, det er då ikkje derfor me gjer det. Langt i frå.

Så går han over til å skryte av samhaldet og dugnadsånda som pregar bygda – generelt sett. Og dét heilt utan å nemne andre forum han har vore delaktig i; som til dømes styret i Seljord ungdomslag, der han var med eit par tiår.

Artikkelen held fram under annonsen.

Frå Heddeli til Tønsberg

Då Kjell Birger Teigen byrja i brannkorpset i 1975 var det ein kommunal helse- og brannvaktsentral på Heddeli. Dei varsla og styrte alt som hadde med utrykking å gjera; med hjelpekorps, ambulanse, lege, politi og brannvesen.

– Dei kalla ut dei mannskapa som det var trong for.

Seinare blei brannvarslinga flytta til Skien. Ein stor overgang blei det også då vegnamn og -nummer blei innført i kommunen.

– Det blei ei utfordring då varslinga gjekk over frå personnamn til vegnamn, minnest Birger. For å forstå dette problemet, finn me å måtte opplyse om at det på den tida ikkje fanst digitale kart.

Då den siste utrykkinga som Teigen var med på før jol, ei melding om ei bilulykke i Åmotsdal, kom varslinga frå 110-sentralen i Tønsberg. Nokon hadde meldt frå om den uheldige bilføraren. Fem personar og ein brannbil rykka ut.

– Me leita litt, men fann ingen bil. Det synte seg at føraren hadde fått lokal hjelp. Så det var det ein kan kalle bomtur, smiler brannmannen.

Bomtur var det også den gongen ei eldre dame i bygda hadde meldt frå om ein brann og at ein person var brannskadd. Brannmannskapet var på pletten så fort dei kunne. Dei leita etter røyk for å finne det rette huset, men såg ingenting. Etter kvart tok brannmennene kontakt med folka inne i huset. Då blei saka oppklara: Kvinna som hadde ringt inn brannmeldinga hadde høyrt på radioen om ein person med fæle brannsår, og hadde teke affære og ringt 110-sentralen. Slikt kan skje når ein blir dement, slik innringaren var.

Me prøvar å få lirke ut andre fornøyelege episodar frå den avtroppande brannkonstabelen. Om han kanskje har vore med på å redda veslepus frå det høge treet som den rasande nabokjetta hadde jaga han opp i.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Neeei, ler Birger, slikt ordnar folk sjølve her i bygdene.