Leiar

VTB ny i alle kanalar: Endringar for framtida

VTB ny i alle kanalar: Endringar for framtida

Leiar fredag 8. juni 2018: Dagens avis ser litt annleis ut.

Nettsida vtb.no og e-avisa har også endra seg.

Det er eit resultat av at Vest-Telemark blad no er ein partnar i Agderposten Medier. Det er ikkje meir enn fire år sidan «nye vtb.no» blei lansert med digitalt arkiv og ei auka satsing på nett. No tek me eit nytt steg.

Se dette bildet i full størrelse
VTB - I NY DRAKT Vest-Telemark blad og vtb.no er litt annleis i dag, fredag 8. juni 2018.

I NY DRAKT: Vest-Telemark blad og vtb.no er litt annleis i dag, fredag 8. juni 2018.Foto: VTB

Overgangen er eit ledd i å ruste oss for framtida. Me skal ikkje kraune, men det er utfordrande for lokal- avisene. Inntektene blir mindre, krava frå lesarane er, og skal vera, høge. Det er mørke skyer knytt til distribusjonen og det er krevjande å «henge med» digitalt.

Vest-Telemark blad er eigd av mange småaksjonærar. I dagens verd kan det vera ei utfordring, spesielt digitalt er det vanskeleg å stå «åleine». Me har leita etter ei heilskapleg løysing utan å endre eigarstrukturen, og har funne den.

I tillegg til VTB er lokalaviser som Sunnhordland, Hordaland, Bladet Vesterålen, Bømlo-nytt, Os & Fusaposten, Raumnes, Hallingdølen og Vaksdalposten med i partnarskapet, i tillegg til dei seks avisene Agderposten Medier eig.

Me har no også nytta høvet til å flytte litt på dei faste elementa i avisa, men me håpar og trur lesarane raskt finn fram.

For deg som leitar etter bursdagshelsingane må du smøre deg med litt tolmod. Helsingane kjem som ei hyggeleg avslutning på avisa (her kan du sende inn din bursdagshelsing).

Framtida er digital. Det betyr ikkje at papiravisa kjem til å bli nedprioritert

For dei som er digitale vil det bli lagt opp til at ein sjølv kan administrere abonnementet på Mi side, men du må registrere deg på nytt. Dette skal vera enkelt, men om du har utfordringar – ikkje nøl med å ta kontakt.

Framtida er digital. Det betyr ikkje at papiravisa kjem til å bli nedprioritert. Me skal framleis lage ei best mogleg lokalavis, både på papir og nett, for vesttelar, utflytta vesttelar, og andre som er like glade i regionen som me er!