Adis Smajic skåra målet for Vinje/Åmdal, men måtte innsjå at Drangedal tok alle poenga.
Adis Smajic skåra målet for Vinje/Åmdal, men måtte innsjå at Drangedal tok alle poenga.

Rakna i 2. omgang

Vinje/Åmdal gjekk til pause med leiing, men måtte sjå Drangedal dra heim med alle dei tre poenga i laurdagens kamp på Dalen.

I løpet av to brutale minuttar like før laga tok drikkepause halvvegs i den andre omgangen skåra Drangedal to mål, og snudde kampen mot Vinje/Åmdal.

– Me var dårlege i den fyrste halvdelen av andre omgang, innrømmer trenar Rune Sudbø Tveito etter 1-3 heime på Dalen mot Drangedal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var Vinje/Åmdal som kom best i gang i varmen. Adis Smajic kunne sendt heimelaget i føringa alt etter eitt minutt, men gjestenens målvakt nådde ballen fyrst. Etter eit kvarter kunne dei grønkledde juble for skåring. Smajic heada kontrollert inn eit frispark frå Lars Ola Romtveit.

Drangedal prøva, men eit solid midtstopparpar i Romtveit og kaptein Lars Kili, med hjelp av målvakt Edvin Kaldråstøyl, heldt unna. Mot slutten av omgangen kunne Svein Jonny Bertheussen dobla leiinga, men spissen gjekk for kraft og skaut rett på keeper.

I opningsminuttet av den andre omgangen var heimelaget igjen nære. Haukeli-duoen på topp, Betheussen og Smajic, var igjen sentrale. Fyrstenemnde kom seg fri på venstrekanten, la inn i feltet, men avslutninga frå Smajic gjekk rett på keeper.

Så slokna Vinje/Åmdal. Drangedal utlikna til 1-1 før dei like etter var i føringa. Vinje jaga på for utlikning, men kom ikkje nærare enn Lars Ola Romtveit sin store sjanse etter eit frispark i sluttminuttane. I staden var det Drangedal som tok sjansen og fastsette sluttresultatet til 3-1.

Vinje/Åmdal er nummer seks i 5. divisjon.

– Alt i alt har sesongen vore betre enn forventa. Denne kampen kunne bikka båe vegar, seier trenar Tveito.