Marie Veslestaul
Marie Veslestaul

Marie sprang i 48 timar i Florida

Marie Veslestaul (37) frå Øyfjell bruka i helga to døgn på å springe 232 rundar rundt og rundt i ein park i Fort Lauderdale i Florida.

– Eg spring fyrst og fremst for trening, men det er stas om eg blir ein av ytterst få norske damer som har fullført 48 timar rundt og rundt i løp, melde Veslestaul sjølv før løpet.

Ho sa elles at ho etter 24-timarsløpet på Bislett lova at dette skulle ho ikkje gjera igjen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men eg sa ingenting om 48-timarsløp i Florida, skreiv ho på Facebook.

Tredjebeste

Etter nokre feriedagar med familien i Florida blei Veslestaul att åleine for å gjennomføre sitt fyrste 48-timarsløp.

Veslestaul blei nummer tre av dei som sprang i to døgn i Icarus Florida Ultrafest i helga.

Etter 34 timar måtte eg klippe opp skoa framme, for å få plass til tærne, fortel Veslestaul.
Etter 34 timar måtte eg klippe opp skoa framme, for å få plass til tærne, fortel Veslestaul.
Veslestaul fortel at løpet vart halde i idylliske omgjevnadar.
Veslestaul fortel at løpet vart halde i idylliske omgjevnadar.

Danske Stine Rex vann klassa med utrulege 322 rundar. Totalt deltok sju løparar i klassa der det var tre kvinner på topp.

Dei som er mest glade i å bli slitne deltok i 6-dagarsløpet! Jeffery DiMaggio frå USA vann denne klassa. Han sprang like godt 650 rundar ...

Veslestaul skriv på Facebook at ho reiste til konkurransen åleine, og var mentalt innstilt på å organisere seg sjølv og ta det som arrangøren bydde på. Men ho blei før start tatt hand om av løpsvinnar Stine Rex og hennar familie.

– Den vesle sekken og posen med sko eg hadde sett under ein benk, i tilfelle regn, blei flytta inn i teltet, mat blei servert, drikke stod alltid klar på ny runde. Varme ord og fulle av støtte, dei ausa raust av alt dei hadde, sjølv om det var Stine som gjekk for dansk rekord, noko ho også klarte, skriv Veslestaul.

Noko nytt for å lære

– Eg planla ikkje at 48-timarsløpet skulle vere ein suksess. Eg hadde lyst til å gjere noko nytt for å lære, for dei detaljane eg lærer i eit løp som dette kan eg ikkje lese i ei bok. Det er min måte å utvikle meg sjølv på, eg drivast av det, skriv Veslestaul på Facebook-profilen sin.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho trur ikkje helgas erfaring vil gje ho ein fasit til neste løp.

– Men det gjev meg erfaring, mental trening, eg flyttar grensene på komfortsona. Kunnskap til dei løpa som er viktige. Planen var enkel, springe langt fyrste døgn – samle kilometer døgn to. Akkurat det synest eg at eg lukkast med, skriv ho.

tone.tveit@vtb.no