annonse

Endeleg bortesiger

Skåra
Skåra: Mikkel Flom Eriksen skåra sitt andre mål for sesongen då Vinje/Åmdal tok sesongens fyrste bortesiger. Arkiv (Foto: Geir Ufs)
Kampfakta og tabell

For fyrste gong sidan september i fjor kunne Vinje/Åmdal reise heim med tre poeng frå ein bortekamp.

Øystein Øygarden

– Vinje/Tokke

Som i bortekampen mot Heddal 23. september i fjor blei det 3–1 til vesttelane i fredagens kamp. Denne gongen var det Hei 2 som var vertskap på Mortens Plass kunstgrass på Heistad.

Eirik Taraldlien sendte gjestene føre etter fem minuttar, men etter eit kvarter var laga like langt. Etter pause viste samarbeidslaget Vinje/Åmdal vinnarvilje. Mikkel Flom Eriksen sende vesttelane i leiinga igjen etter få minuttar av den andre omgangen. Morten Pedersen Korsvik fekk æra av å vera siste Vinje/Åmdal-spelar på ballen då sluttresultatet blei fastsett til 3–1. Rett nok, i dei offisielle statistikkane blir målet ståande som eit sjølvmål.

Vesttelane har igjen to kampar før det er ferie. Fredag er det alle moglegheiter til å ta tre poeng når Gjerpen (seks tap så langt i år) kjem til Åmot. Deretter ventar tabellnabo Skiens Grane på bortebane fredag 22. juni.

Vinje/Åmdal har 14 poeng etter sesongens ni fyrste kampar.

7. divisjon, avd. A

Kviteseid spela sin fyrste kamp på meir enn ein månad då dei fredag fekk besøk av Gulset 2 heime i Kviteseid. Det var aldri noko tvil om kvar dei tre poeng skulle hamne. Høysekken Torgeir Lid Byggland viste at han kan meir enn å gå på ski og skåra tre mål. Innimellom var toppskårar Jan Marcus Hjertås frampå og skåra sitt niande for sesongen. Også Håkon Lindheim Johansen og Ehab teikna seg på skåringslista. Gulset 2 fekk eit trøystemål i sluttminuttane.

Kviteseid er nummer tre i 7. divisjon, avdeling A, fem poeng bak Skarphedin 3 og 2 poeng bak Skiens Grane 2. Torsdag møtest nettopp Skiens Grane og Kviteseid til kamp i Skien. Deretter ventar topplaget frå Bø på heimebane i Kviteseid før laga tek sommarferie.

I den same avdelinga tapa Seljords andrelag 2-6 heime mot Storm 3. Arve Listaul skåra båe måla til heimelaget.

oystein.oygarden@vtb.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt komme med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lese det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame aksepterasr ikkje på vtb. Falske profilar blir utestengt. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterar.