annonse

Vil ta opp saka til hausten

Ser på saka
Ser på saka: Ordførar Tarjei Gjelstad (Ap). arkiv (Foto: Geir ufs)

Kviteseid-ordførar Tarjei Gjelstad (Ap) forstår behovet for SFO, særleg i sommarferien. Han vil difor sjå på saka på nytt i haust.

  • _ Kari Smeland

– Me hadde saka oppe for eitt år sidan, og fann då ikkje rom for det i haustens budsjett, men eg trur me må ta opp saka til hausten att, seier ordførar i Kviteseid, Tarjei Gjelstad (Ap).

– Undersøkinga frå i fjor viser at det er størst behov for SFO i juni, men dette er ting som endrar seg frå år til år. I år har me også utvida tilbodet om sommarskule til ei veke i juni. Det blir også jobba med å søke om midlar til eit tilbod for å utvide dette tilbodet slik at det blir gratis for alle i juni.

Gjelstad vedgår at dette ikkje er ein måte det er ønskeleg å skilje seg ut frå nabo- kommunane på.

– Det er eit økonomisk spørsmål, og det handlar om prioriteringar. Undersøkinga viser at det er lite behov for SFO i haust- og vinterferiane, medan juni er den månaden det ser ut som det er mest aktuelt å lage eit tilbod.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt komme med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lese det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame aksepterasr ikkje på vtb. Falske profilar blir utestengt. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterar.