Klubbleiar Svein Slyngstad i Fyresdal meiner at med tanke på ukulturen er det ei for slapp haldning blant ein del føresette. Vidare har han eit ynske om at politiet er der folk held seg og har tid til å kome når ting skjer.
Klubbleiar Svein Slyngstad i Fyresdal meiner at med tanke på ukulturen er det ei for slapp haldning blant ein del føresette. Vidare har han eit ynske om at politiet er der folk held seg og har tid til å kome når ting skjer.

Ungdomsklubbleiaren i Fyresdal etterlyser ei haldningsendring

Klubbleiar Svein Slyngstad i Fyresdal håpar på ei haldningsendring blant nokon av ungdomane, og ikkje minst frå føresette. Og så ynskjer han synleg politi i bygda.

Svein Slyngstad byrja å jobbe med barn og unge i Fyresdal for 20 år sidan. Mesteparten av tida har han vore leiar i ungdomsklubben, ei stilling som er på 50 prosent.

Klubben er open onsdagar og fredagar. På fredagane kan det vere frå 30 til 70 ungdomar frå 8. klasse og til og med vidaregåande skuleelevar som nyttar det kommunale tilbodet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ved somme høve har Slyngstad måtta ringe politiet i samband med hendingar som har skjedd ved ungdomsklubben. Han har nokon historier som blir godt hugsa.

– Eg er ikkje ute etter å ta ungdomane, og det er ikkje verre i Fyresdal enn andre plassar. Eg har utruleg mykje god ungdom å jobbe i lag med, og dei oppfører seg veldig fint. Men det me håpar på nå er ei haldningsendring blant nokon av ungdomane, og ikkje minst frå føresette, seier Slyngstad.

Frustrasjonen kom

Me spolar ein del år tilbake til perioden Odd Skeivoll var lensmann i Fyresdal frå 1995 til 2011.

– Skeivoll var innom klubben i alle fall ein gong i veka. Alle hadde kjennskap til han, det var kort veg å gå til lensmannen for å ha ein prat og ting blei tatt tak i, hugsar klubbleiaren godt.

– Det einaste – det blei litt meir liv i bygda når Skeivoll var borte ei helg eller ei veke, fortset Slyngstad.

– Litt meir liv?

– Ja, villmannskøyring og promillekøyring. Folk tok seg meir til rette, svarar klubbleiaren.

Etter at Skeivoll slutta fekk Slyngstad inntrykk av at politiet i bygda berre dreiv med kontorarbeid.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Då byrja frustrasjonen å kome. Sjølv om det var to politi på lensmannskontoret, følte eg ikkje det var politi her. I helgene kunne me berre gløyme å sjå politiet, seier klubbleiaren.

Av og til var det hendingar som gjorde at det blei ringt til politiet.

– Når ein ringde operasjonssentralen til politiet, særleg galdt det helgene, kunne me berre gløyme å få politiet hit. Svaret var at me budde for langt vekk. Når ein melder om fyllekøyring, og kan bevise det også, så får ein beskjed om berre å gløyme det.

– Noko som provoserar meg er at det er for slapp haldning blant ein del av dei føresette, og det er snakk om snillisme. Me har eit lovverk å forhalde oss til. Og når føresette ikkje tar omsyn til lovverket, men bryt dei lovar som ikkje passer dei, så lærer ungane også denne haldninga. Og i desse nærpolitireform-tider er det viktig at iallfall føresette er til stades og forheld seg til lovverket.

Må ha politiet i ryggen

Som klubbleiar skal Slyngstad også drive med førebygging.

– For at førebygginga skal fungere må eg ha politiet i ryggen, og det har eg ikkje. Det blir som å stange hovudet mot veggen, eg blir oppgjeven, seier Slyngstad.

Det er han som har ansvaret for ungdomane på klubben. Reglane seier at har det skjedd småting tek ein det på staden eller med føresette. Ved alvorlegare ting er klubbleiaren plikta til å melde frå til politiet.

– Sjølv om eg ikkje har politiet i ryggen kjem eg framleis til å melde. Men det er ikkje hjelp i, så eg får auke på med å prate med føresette. Om nokon som har gjort noko gale er over 18 år, pratar eg med føresette då også.

Artikkelen held fram under annonsen.

Når Slyngstad tenker tilbake på ein episode med ein fyllekøyrar ein fredagskveld ved klubben, og han fekk til svar frå politiet at Fyresdal låg for langt vekk, seier klubbleiaren dette:

– Svaret frå politiet er ei stadfesting på ei utvikling som blir berre dårlegare og dårlegare i Fyresdal. Ein onsdag melde eg til politiet at det var ein person som sladda ved ungdomsklubben mellom mange barn/ungdom og som vaksne også såg. Politiet svara dei ikkje hadde tid til å kome, men eg kunne melde saka tysdagen etterpå ved lensmannskontoret.

Og seks dagar etter hendinga var Slyngstad innom kontoret og melde hendinga.

– Det var jo mange augevitne, og så får eg svar tilbake etter ei god stund at saka var lagt bort på grunn av bevisets stilling. Det er veldig provoserande.

Loggføre sjølv

I sine 20 år i jobben i Fyresdal seier Slyngstad at politiet har loggført sju tilfelle.

– Det har vore mange fleire tilfelle enn sju. Statistikken til politiet over hendingar i Fyresdal kan ikkje stemme når meldingar som blir ringt inn ikkje blir ført opp der.

Ein gong snakka Slyngstad lenge med ein operasjonsleiar hos politiet.

– Operasjonsleiaren lurte på om eg ikkje kunne loggføre sjølv. Då tente eg litt. Alle som ringer til politiet kan ikkje loggføre sjølve og så sende det inn til politiet ein gong i året.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kva synest du om nærpolitireforma?

– Dei bomma på namnet. Folk ser ikkje politiet her lenger. Eg samarbeider med klubbleiarar i Follo-distriktet der det er mange fleire innbyggjarar, men dei ser ikkje politiet der heller, svarar Slyngstad.

Han har eigentleg tru på nærpolitireforma, men ikkje slik ho er nå.

– I reforma nedvurderer politiet førebygginga, og når den ikkje er der byrjar ting å skjere seg. Me må få politiet tilbake til der folk er, dei må vere synlege og drive med førebygging. Det er god førebygging å vise seg her ein laurdagskveld, men ikkje om det skjer berre ein laurdag i året.

Må kome

– Har ungdomsklubben hatt besøk av politiet i år?

– Politiet var innom ein onsdag ettermiddag i februar, men etterpå har dei ikkje vore på klubben.

Ynsket til klubbleiaren er at Fyresdal får politi med lokalkunnskap, og folk som har dette yrket kunne gjerne vere busett i bygda.

– Sjølvsagt er det førebygging om det er politi som bur i kommunen. Eit anna ynske eg har er at politiet har tid til å kome når det skjer ting. Ein treng ikkje ha lensmannskontor her for å få til det, seier Slyngstad.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ukulturen med fyllekøyring er ei samfunnsutvikling som klubbleiaren trur er jamt over alt, ikkje berre i Fyresdal.

– Det hadde vore fantastisk om me fekk til ei bygd der me slapp fyllekøyring.

Slyngstad meiner det er veldig viktig med haldninga til føresette.

– Noko som provoserer meg er at det er for slapp haldning blant ein del av dei føresette, og det er snakk om snillisme. Nokon føresette gjer ungdom ei bjørneteneste når vaksne ikkje bryr seg om lovane og let ungdom gjere ting dei ikkje har lov til. Då lærer ein ungdom at dei ikkje treng å forhalde seg til lovar og reglar.

Slyngstad har heller ikkje sansen for varslingsopplegg som når fram til mange folk i det politiet til dømes skal ha snøskuter- eller fartskontroll.

Framleis sit det friskt i minnet båtulykka der ein ung fyresdøl drukna i Fyresvatn i sommar. Slyngstad undrar på kor lenge ein slik tragedie vil bli hugsa, og avsluttar med desse orda:

– Det eg er redd for er at ei sterk historie som dette varer eitt år, så er det tut og køyr. Me har mykje flott ungdom i bygda, og me vil behalde alle.