Det møtte svært mange, både ungdom og vaksne, på det opne møtet i samfunnshuset. Dei fleste i salen er frå Fyresdal.

«Me må bygge sterke unge som har mot til å seie nei, eg køyrer ikkje med deg, du har drukke.»

250 personar møtte på samfunnshuset i Fyresdal fredag, då det var fokus på førebyggande arbeid og å endre haldningar for å unngå ulykker på veg, vatn og snø.

I sommar mista fyresdølen Knut Aslakson Momrak (21) livet etter ei båtulykke på Fyresvatn. Som ein konsekvens av drukningsulykka er det i Fyresdal starta eit førebyggande og haldningsskapande arbeid. Foreldra til Knut, Hilde Martini Momrak og Aslak Momrak er blant dei som ynsker å bidra i dette arbeidet.

I slutten av september hadde Hilde eit lesarinnlegg med historier frå den vonde verkelegheita. Ho kom med refleksjonar rundt utviklinga og haldningar blant unge og vaksne i Fyresdal, og kva politiets manglande nærvær har å seie for denne utviklinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

På samfunnshuset fredag innleia Hilde med appell på eit arrangement med mange ulike innslag. Ho sa at frå folk i Fyresdal og mange frå nabokommunar har det kome mange positive tilbakemeldingar på lesarinnlegget, og folk har svara at det er akkurat same problemstilling der dei bur.

– Så har me også fått høyre, via omvegar, at nokon syntest dette er dårleg reklame for bygda og at nå er nok nok. Eg tenker at me kan snu dette med dårleg reklame, og velje å tenke litt annleis. Etter lesarinnlegget har me faktisk begynt å snakke om dette, det i seg sjølv er ganske oppsiktsvekkande og bra, sa Hilde til ein fullsett sal.

Ho viste til at Fyresdal kommune, Røde Kors og motorsportklubben i bygda nå ynsker å få til ei endring, og hadde registrert at politiet nå er meir til stades i Fyresdal.

– Er ikkje det bra? Er ikkje det god reklame for bygda, at noko som ikkje er bra ikkje får vekse seg større, men at me vel å gjere noko med det?, sa Hilde.

Så ynskte ho å seie noko om lojalitet.

– Knut var ein av dei mest lojale personar eg kjenner. Han var til å stole på, det var viktig for han. Sjølv i tilfelle der me, via andre, fekk høyre om for eksempel fyllekøyring frå fest og prøvde å få han til å fortelje, ville han nødig det. Berre i eitt tilfelle fekk me ut av han kva som hadde skjedd då han kom heim med bulka bil som nokon hadde køyrd på i fylla. Han måtte forklare, og gjorde det motvillig …

– Lojalitet er viktig, det er viktig å vite at ein kan stole på venner, at ikkje nokon sladrar. Men lojaliteten kan ikkje utvikle seg så langt at ein ikkje kan stå opp mot venner eller andre som gjer noko så livsfarleg som å køyre i fylla. Det å seie ifrå om fyllekøyring, eller velje å ikkje bli med, handlar ikkje om illojalitet, men om styrke. Me må bygge sterke unge som tør å seie nei, som har styrke og mot til å seie at nei, eg køyrer ikkje med deg, du har drukke. Eller nei, eg blir ikkje med i båt utan vest, fortsette Hilde.

Ho avslutta med desse orda: – Vaksne må bli tydelegare, som går foran som gode eksempel. Ingen er feilfrie, eg har sjølv gjort mange ting eg ikkje er veldig stolt av. Det er likevel ingen grunn til å ikkje ynskje å få til ei endring nå. Vi kan berre sjå ein veg, og det er framover. Me har nå ei sterk stemme som me har valt å bruke. Målet er, som eg håpar alle forstår, å bidra til at liknande unødvendige ulykker ikkje skjer igjen. For Knut er det for seint, men me har ingen fleire å miste.

Artikkelen held fram under annonsen.

geir.ufs@vtb.no