Jegerar i Rauland får nytte snøskuter på jakt.
Jegerar i Rauland får nytte snøskuter på jakt.

Jegerane i Rauland får køyre snøskuter

Plan- og miljøutvalet i Vinje kommune gjekk samrøystes inn for at Rauland jaktlag kan nytte snøskuter i elgjakta.

– Søknaden gjeld utplassering av jegerar og frakt av felte dyr. Køyringa er frå Steinbakken, etter Kromvikvegen til Kromviki brygge og inn til Bitdalsdammen, heiter det i rådmannens utgreiing.

Jaktlaget har problem med å få jakta tidleg i jaktperioden på grunn av mykje turistar i området. På bakgrunn av dette har dei problem med å få tak i dei dyra dei har kvote på. Det er derfor aktuelt å utsette jakta til seinare og rolegare tider, står det vidare.

Artikkelen held fram under annonsen.

Søknaden gjeld for tidsrommet 01.10–23.12.2018.

– Det hadde vore ynskjeleg å kunne ta stilling til eit tal på skuterar som jaktlaget har trong for, men det vil nok kunne variere, og er derfor sikkert vanskeleg å talfeste, skriv rådmannen.