annonse

72-årig «gartnar» må møte i retten etter hasjplantasje-saka i Vrådal

Politiaksjon
Politiaksjon: Politiet slo til mot ein hasjplantasje av betydeleg storleik i nærleiken av Vrådal sentrum i januar. (Foto: Olav Åsen Haugsgjerd)
Plantasje
Plantasje: Inne i bygget gjorde politiet funn av ein omfattande cannabisplantasje. – Her er ein bitteliten del av det som blei funne i bygget, seier lensmann i Kviteseid, Bjørn Håvard Olsen. (Foto: Kviteseid lensmannskontor)
Politiaksjon
Politiaksjon: Politiet slo til mot ein hasjplantasje av betydeleg storleik i nærleiken av Vrådal sentrum i januar. (Foto: Olav Åsen Haugsgjerd)

Totalt er åtte personar sikta i saka der politiet fann 1000 cannabisplanter. Så langt er det berre éin av dei som må i Vest-Telemark tingrett i desember. Mannen er sikta for grovt narkotikabrotsverk.

Line Omland Eilevstjønn

I januar blei det funne ein omfattande hasjplantasje i eit tidlegare industribygg i Vrådal sentrum.

Den 1000 planter-store plantasjen såg ut til å ha vore i drift i nokre år då den blei oppdaga. 

Om lag ein månad seinare blei ein person pågripen for medvirking til storproduksjonen av cannabis, etter at politiet i Kviteseid fekk bistand frå Kripos i etterforskinga. 

Les også: Fann omfattande hasjplantasje i Vrådal

Gartnar, ikkje organisator 

No melder TA at tiltala er klar, og politiadvokat Kjell Ove Ljosåk har uttala seg om saka til avisa. Han fortel at det er åtte personar som er sikta i saka, og sju som er avhøyrde som mistenkte. Berre éin av dei sikta må møte i Vest-Telemark tingrett 17., 18. og 19. desember.  

– Fleire av desse vil det nok ikkje bli reist sak mot, og nokon har status som mistenkte fordi det er utført ransakingar. Det er kun éin som framleis sit i varetekt, og det er ein finsk mann som er 72 år gamal. Me meiner at han har hatt ei nokså definert rolle. Han er gartnar, og han er ein av flere som har gått i turnus. Men me har ikkje noko grunnlag for å seie at han er nokon organisator, seier Ljosåk til TA. 

Les også: Éin person pågripen i hasj-saka

Den finske mannen er opphavleg frå Vietnam, noko han har til felles med fleire av dei sikta i saka. Ei 58 år gamal kvinne frå Oslo, også opphavleg frå Vietnam, er mistenkt for å vera tilretteleggar for geskjeften. Ho blei pågripen og varetektsfengsla i april, men er no sett fri. 

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt komme med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lese det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame aksepterasr ikkje på vtb. Falske profilar blir utestengt. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterar.