Inne i bygget gjorde politiet funn av ein omfattande cannabisplantasje. – Her er ein bitteliten del av det som blei funne i bygget, seier lensmann i Kviteseid, Bjørn Håvard Olsen.
Inne i bygget gjorde politiet funn av ein omfattande cannabisplantasje. – Her er ein bitteliten del av det som blei funne i bygget, seier lensmann i Kviteseid, Bjørn Håvard Olsen.

Avdekka stor hasjplantasje

Innanfor veggane til eit tidlegare industribygg i Vrådal vart det førre veke avdekt ein betydeleg cannabisplantasje.– Me meiner aktiviteten har pågått over lang tid. Kanskje eitt år, kanskje to, seier lensmann i Kviteseid, Bjørn Håvard Olsen som har bede Kripos om eksperthjelp.

– I bygget var det ein cannabisplantasje av betydeleg storleik. Me meiner at aktiviteten har gått føre seg over lang tid. Kanskje eitt år, kanskje to, seier lensmann i Kviteseid, Bjørn Håvard Olsen.

Det er politiet i Sør-Aust politidistrikt som etterforskar saka med hjelp av ekstern etterforskingsleiar. Nå er også Kripos kontakta.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kor stort er funnet, kor mange planter er funne?

– Det er betydeleg. Det er ingen fabrikk, men ein plantasje. Når me bed Kripos om bistand forklarar det litt. Men av etterforskingsomsyn må eg vente med å seie noko konkret om storleik eller omfang, seier lensmannen.

Ingen i varetekt

Lensmannen fortel at politiet førebels ikkje har personar i varetekt, men at det er gjennomført, og vil bli gjennomført fleire vitneavhøyr.

Politiet slo til mot ein hasjplantasje av betydeleg storleik i nærleiken av Vrådal sentrum førre veke.
Politiet slo til mot ein hasjplantasje av betydeleg storleik i nærleiken av Vrådal sentrum førre veke.
Lensmann i Kviteseid, Bjørn Håvard Olsen (innfelt), seier til VTB at politiet trur aktiviteten i bygget kan ha gått føre seg i kanskje to år.
Lensmann i Kviteseid, Bjørn Håvard Olsen (innfelt), seier til VTB at politiet trur aktiviteten i bygget kan ha gått føre seg i kanskje to år.

– Har de mistenkte i saka?

– Me kan ikkje vere konkrete på det. Den tekniske og taktiske etterforskinga er i gang, og me har spor i saka som blir fylgd opp, seier han.

Politiet slo til mot eigedomen førre veke, og folk i nabolaget undra mellom anna på kvifor politiet var væpna med maskinpistolar då dei patruljerte rundt bygget under aksjonen.

– Dette var berre rutinemessig førehandsregel som blir teken i enkelte saker, forklarar Olsen og ynskjer ikkje å utdjupe det meir.

Hjelp frå Kripos

– Kva omfang har saka?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Den er så stor at den er prioritert. Det er altså sendt førespurnad om bistand til Kripos som har erfaring med liknande saker av denne storleiken. Dei har ekspertise på det taktiske, seier lensmannen.

– Kor langt har dei kome i arbeidet?

– Det er sendt over informasjon slik at dei kan starte å sjå på saka, men den vidare planen for samarbeid er enno ikkje lagt, seier Olsen.

Bygdefolket kan hjelpe

Politiet har vore rundt i bygda for å snakke med folk, men vil gjerne ha meir hjelp for å løyse saka.

– Me er på jakt etter tips. Det kan vere ting folk har sett, noko dei har undra over. Folk som har gjort ting annleis enn dei plar, merkelege ting på ulike tidspunkt. Kvifor er «denne personen» her, og kvifor spurde ein person om akkurat dette. Alt som er utanfor det vanlege kan vere gode tips, og den minste ting kan vere ei viktig brikke for oss, seier lensmannen.

– Korleis skal folk melde i frå?

– Ring politiet i Telemark, og sei at du har informasjon eller tips knytt til hasj-saka i Vrådal, oppmodar han.

Lensmannen fortel at det framleis vil vere politi i og ved området rundt det aktuelle bygget i Vrådal.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me kjem truleg til å halde på mellom åstad og kontoret i to veker til. Kor lang tid etterforskinga tek kjem an på kvar spora fører oss, seier lensmannen.

Eit nabolag med mange spørsmål

– Kvifor aksjonerte politiet, kvifor var dei tungt væpna, kvifor gjekk dei kledd i kvite overtrekksdressar, kven leita dei etter, kva såg dei etter rundt husveggane i nabolaget, kva har skjedd inne i bygget og kvifor er det framleis politi og annan aktivitet rundt og i bygget …

Det er nokre av spørsmåla nabolaget i Vrådal har stilt seg den siste veka, og som dei har spurd politiet om. Men politiet har, av etterforskingsomsyn, halde korta tett til brystet og ikkje ville sagt noko om saka.

VTB har vore i kontakt med eigar av bygget som viser til at alle spørsmål i saka må bli retta politiet.

Fleire har skildra politiaksjonen førre veke som dramatisk. Ei kvinne frå Porsgrunn reiste på hytta si i Vrådal førre onsdag. Sonen og dottera kom etter i eigen bil litt seinare på kvelden.

– Me var straumlause heile kvelden. Det banka på døra i 22-22.30-tida. Det var politiet – dei spurde om me hadde sett noko spesielt, men det hadde me ikkje, seier kvinna.

Ho seier at politiet hadde sagt at dei hadde ein runde i området og kom til hytta sidan det var nye bilspor dit.

– Neste dag, torsdag, var me framleis straumlause på hytta. Me ville bort på hotellet for å fylle termosen med kaffi, men då me kom ned til industribygget ved hovudvegen blei me stoppa av ein politimann med maskingevær og der var fleire politibilar, seier hyttegjesten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kvinna fortel at dei køyrde til hotellet for å hente kaffi, og då dei kom tilbake var heile bygget avsperra med politiets plastband. Nokre mørke bilar hadde kome til og fleire personar gjekk inn og ut av bygget i heildekkande kvite drakter med hette.

– Eg snakka med han som brøyter for oss til hytta – men han visste ingenting om at det hadde skjedd noko han heller.

– Det var kjempeskummelt. Hadde eg vore åleine den onsdagskvelden hadde eg pakka og reist heim att med ein gong. Då eg såg personane i dei kvite frakkane tenkte eg med ein gong at det må ha skjedd noko veldig alvorleg. Eit drap? Det er så rart at eg ikkje har høyrt meir om dette i ettertid. Ikkje lese noko i media om kva som har skjedd. Me har heller ikkje blitt kontakta etter me blei stoppa torsdag, seier kvinna som nå kviar seg for å reise tilbake til hytta i Vrådal.

Når kan politiet bere våpen?

Stabssjef i Sør-Aust politidistrikt, Glenn Rhoden, seier til Vest-Telemark blad at det er «oppdragets art» som avgjer kva våpentype som blir nytta under aksjonar.

Under aksjonen i Vrådal førre veke hadde politiet MP5 maskinpistol.

Rhoden fortel at dei generelle reglane for væpning av politiet er regulert av ein våpeninstruks som er heimla i politilova.

Men kva skal til for at politiet kan gå med skytevåpen?

Rhoden viser til ein av paragrafane i våpeninstruksen som set vilkår for væpning med skytevåpen som kan skje når til dømes omstende gjev grunn til at tenestepersonane kan kome til å stå ovanfor ein situasjon som er særleg farleg for dei eller andre, basert på trusselvurderingar, eller ein må beskytte andre.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politimeistaren kan gje førehandsløyve om at væpning skal skje i spesielle tilfelle, eller politidirektoratet kan gje samtykke frå departementet til væpning for ein lengre periode.

Rhoden viser vidare til at operasjonsleiar kan bestemme væpning med skytevåpen dersom han er godkjent til dette, eller så kan politisjefen ta ei avgjerd dersom ein situasjon krev umiddelbar innsats, og det ikkje er teknisk mogleg, tid eller taktisk tilrådeleg å innhente væpningsordre frå operasjonsleiar.

I desember ytra riksadvokat Tor-Aksel Busch at han med bakgrunn i terrorfare ynskjer at norsk politi på ny skal vere fast væpna. Frå 2014 til februar 2017 var norsk politi til ei kvar tid væpna. I november uttala politidirektør Odd Reidar Humlegård at Politidirektoratet meiner at politiet i hovudsak skal vere uvæpna, men peika på at enkeltpatruljar som er i belasta område bør vere væpna.

Cannabis

Fellesnemning for produkt frå planta Cannabis Sativa og Cannabis Indica.

Det finst tre ulike cannabisprodukt: Hasj, marihuana og olje – felles for alle er søtleg lukt som blir svært tydeleg når det blir røykt.

Sentraldempande og svakt hallusinogen.

Er det største illegale rusmiddelet i både Noreg og internasjonalt.

Kjelde: rustelefonen.no