Politiet slo til mot ein hasjplantasje av betydeleg storleik i nærleiken av Vrådal sentrum i januar.
Politiet slo til mot ein hasjplantasje av betydeleg storleik i nærleiken av Vrådal sentrum i januar.

Ein person er pågripen i hasj-saka

Politiet har pågripe ein mann dei knyter til hasjplantasjen i Vrådal.

Mannen sit no varetektsfengsla, stadfestar lensmann Bjørn Håvard Olsen i Kviteseid.

Olsen vil ikkje seie noko meir om mannen dei har pågripe, men at dei meiner dei kan knytte han til produksjonen av cannabis i bygget i Vrådal Han seier pågripinga er eit eksempe på at det går framover i saka, og er eit resultat av teknisk og taktisk etterforsking, samt tips frå publikum.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politiet avdekte i starten av januar at det over lang tid har blitt dyrka hasj i eit industribygg i Vrådal.

– I bygget var det ein cannabisplantasje av betydeleg storleik. Me meiner at aktiviteten har gått føre seg over lang tid. Kanskje eitt år, kanskje to, uttala Olsen til VTB.

Han karakteriserte funnet som «ein plantasje». Kripos blei raskt kopla inn i saka.

Faksimile VTB 12. januar 2018
Faksimile VTB 12. januar 2018