Den endelege skissa av Vinjesenteret ser slik ut.
Den endelege skissa av Vinjesenteret ser slik ut.

Vinjesenteret får dispensasjon

No er planen om eit senter for dikting og journalistikk endå eit steg nærare ein realitet.

Riksantikvaren har gjeve dispensasjon til å byggje Vinjesenteret på tomta til gamle Vinjar skule. Skulen ligg innanfor sikringssona for ein gravhaug frå eldre jernalder, men den gravhaugen blei alt skadd då skulen blei bygd i 1973. Gravhaugen er eit automatisk freda kulturminne, og like ved ligg det to andre gravhaugar som den synlege delen av eit gravfelt, skriv Nynorsk kultursentrum i ei pressemelding torsdag.

Direktør i Nynorsk kultursentrum, Ottar Grepstad, er svært glad for avgjerda.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Slike spørsmål skal ingen ta lett på. Me har samarbeidd godt med Telemark fylkeskommune og hatt gode møte med Riksantikvaren. No skal me vise at me forstår kva det betyr å forvalte det ansvaret som ligg i den positive avgjerda som Riksantikvaren har teke etter ei svært grundig vurdering, seier han.

I tillegg til ombygging av Vinje skule blir det også reist ein ny kontorfløy på staden. Nynorsk kultursentrum legg stor vekt på at verken ombygging, bygging eller drift av Vinjesenteret vil skade gravhaugen.

– Vernestyresmaktene, Vinje kommune og vi har ei felles forståing av at det gjeld å halde desse vakre og uerstattelege kulturminna godt ved like. Ombygginga opnar ei ny siktlinje frå og til den nærmaste gravhaugen, og vi kjem til å bruke dette gravfeltet i nokre av dei forteljingane som Vinjesenteret skal gi publikum. Samla sett kan difor Vinje-senteret styrkje kulturminnevernet i området, seier Ottar Grepstad.