Årets kulturstipend i Seljord kommune går til Svanhild Amdal Telnes.
Årets kulturstipend i Seljord kommune går til Svanhild Amdal Telnes.

Svanhild fekk kulturstipendet

– Årets kulturstipendiat i Seljord er berre 24 år, men alt på veg til å bli ein spennande lyrikar, innleidde ordføraren då Svanhild Amdal Telnes vart tildela kulturstipendet på nasjonaldagen.

Under festprogrammet på Granvin kulturhus 17. mai hadde ordførar i Seljord, Halfdan Haugan, gleda av å dele ut årets kulturstipend til Svanhild Amdal Telnes.

– Telnes skriv på dialekt og har alt hatt mange dikt på trykk. Ho er ein diktar me garantert vil høyre mykje frå i åra framover, og som brukar språk og tilknyting til Seljord på ein god måte, rosa ordføraren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Telnes er utøvar innan skapande skriving og skjønnlitteratur. Ho debuterte som skjønnlitterær forfattar med diktsamlinga «Om nettene brukar mor dråpeteljar» på Gyldendal.

– Ho har fått mykje god omtale i riksdekkande aviser. Til dømes skreiv Tom Stalsberg i Dagbladet at diktsamlinga «fikk meg til å bråstoppe og det kan tenkes at alt som heretter skrives går rett i bøtta.» Fyrsteopplaget av debuten hennar blei seld ut frå lager rett før påske og forlaget har bestilt nytt opplag.

Ordføraren kunne vidare fortelje at Telnes no går på profesjonsstudiet i psykologi ved NTNU og har til sommaren fullført fire av seks år i Trondheim. Skuleåret 2016/17 gjekk ho på Skrivekunstakademiet i Hordaland som er eit årsstudium i skapande skriving der lærarane sjølve er forfattarar, og undervisninga er sentrert rundt tekstproduksjonen til elevane. Årsstudiet ved Skrivekunstakademiet svarar til Forfattarstudiet i Bø. Opptaket vert gjort på grunnlag av 10-15 sider nyskriven tekst av skjønnlitterær karakter og skulen tek opp 12 elevar. For skuleåret 16/17 var det 145 søkarar, noko som var rekord i løpet av dei 20 åra skrivekunstakademiet har eksistert. 

– Før Telnes i år debuterte som forfattar har ho tidlegare blitt kåra til månadens poet på Dagbladet sitt Skulekammer to gonger, fått Draumestipendet og blitt kåra til månadens TrafoTalent for april 2016. Ho søker kulturstipend i Seljord for å ha tid til å fortsetje forfattarskapet sitt parallelt med studiet og i feriar. Som heiltidsstudent med stipend og lån frå Lånekassa er ein likevel avhengig av deltidsjobb og/eller full sommarjobb for å klare seg økonomisk. Ho har i år bestemt seg for å ikkje ha fast sommarjobb for å kunne konsentrere seg om skrivinga heile sommaren, og eit slikt stipend som dette vil kunne hjelpe ho mykje på vegen mot neste bok, uttala ordføraren.

Han fortalde vidare at Telnes har som mål å kunne skrive på ein måte som gjer dikt meir tilgjengeleg for «folk flest», men samtidig ta vare på litterære kvalitetar.

Det er Seljord kommune og Sparebankstiftinga Seljord som deler ut kulturstipend for Seljord. Stipendet er på 20 000 kroner og eit kunstdiplom laga i kaligrafi av kunstnaren Borghild Telnes.