Magnus Krog (Tone F. Solheim) og Ånund Lid Byggland (Signe Gunn Timland) blei drilla i barnehagen av Asbjørn Byggland (Kjell Magne Grave)
Magnus Krog (Tone F. Solheim) og Ånund Lid Byggland (Signe Gunn Timland) blei drilla i barnehagen av Asbjørn Byggland (Kjell Magne Grave)

Litt av kvart på «Litt ditt»

Det er har blitt tradisjon for teaterlaget i Tokke å sy saman moroskap til 5. dagen. To fullsette kulturhus fekk oppleve årets framsyning «Litt ditt» i romjola.

Det var «Tokke-ordføraren» som fekk æra av å opne årets 5.dagsrevy på kulturhuset på Dalen. Salen var fullsett av forventningsfulle gjester til dagens fyrste framsyning. Seinare på kvelden var framsyninga utseld, då det også var klart for fest etter revyen og lystig lag ut i romjolsnatta.

Innleiingsvis blei om lag 20 minuttar bruka til å vise ei slags ynskjereprise frå tidlegare revyar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ungdomslaget på Dalen starta med revy på 1980-talet før Tokke teaterlag blei stifta og har sidan halde tradisjonen varm. Eit knippe med gamle innslag blei vist fram på lerretet frå denne tida. Det var mange fjes dei frammøtte kjente att, og morosame innslag mange minnest godt.

Feiing og elitebarnehage

Sidan i haust hadde aktørane øva og førebudd sketsjar der me fekk god innføring i korleis ein skal vaske klede, me fekk møte den lokale feiaren som gjerne feia over det meste, og som hadde ein del erfaring frå den tidlegare jobben i kommunen med å feie ting under teppet.

Me fekk også bli med inn i elitebarnehagen og helse på dei lokale idrettsutøvarane Magnus Krog og Ånund Lid Byggland, og sjå korleis toppidrettsframtida blei utvikla frå ung alder.

Det var liten tvil om kven Bjørn Vindal imiterte då han inviterte til gode samtalar.
Det var liten tvil om kven Bjørn Vindal imiterte då han inviterte til gode samtalar.
Ordførar Felland (Bjørn Vindal) hadde rett og slett tatt med seg ein høysekk på revyopninga.
Ordførar Felland (Bjørn Vindal) hadde rett og slett tatt med seg ein høysekk på revyopninga.
På Coop’n kunne ein få alt frå post i butikk til politi- taxi- eller pass i butikk. I denne scena var Signe Gunn Timland kunden og Nette Madsen stod bak disken.
På Coop’n kunne ein få alt frå post i butikk til politi- taxi- eller pass i butikk. I denne scena var Signe Gunn Timland kunden og Nette Madsen stod bak disken.
Tokke teaterlag hadde 5. dagsrevy.
Tokke teaterlag hadde 5. dagsrevy.
Tokke teaterlag hadde 5. dagsrevy.
Tokke teaterlag hadde 5. dagsrevy.
Tokke teaterlag hadde 5. dagsrevy.
Tokke teaterlag hadde 5. dagsrevy.
Tokke teaterlag hadde 5. dagsrevy.
Tokke teaterlag hadde 5. dagsrevy.
Tokke teaterlag hadde 5. dagsrevy.
Tokke teaterlag hadde 5. dagsrevy.
Tokke teaterlag hadde 5. dagsrevy.
Tokke teaterlag hadde 5. dagsrevy.

Det meste finst på bui

Ei gjentakande scene i bygderevyen som blei vist fram med sketsjar og song i to akter, var butikken og alle dei tenestene ein finn der.

På Coop’n kunne ein få hjelp til meir enn bare handel og post. Her var politi i butikk, ambulanse i butikk, taxi i butikk og ein kunne til og med få tak i kaupekvende – rett nok nokre utgåver i plastikk som butikkdama meir enn gjerne kunne vere med å forklare korleis bruksrettleiinga var …

Snakke om

Ein annan velkjent herremann i regionen er prostidiakonen, og Bjørn Vindal gjorde ein god parodi i sketsjen der to karar og ei kvinne fekk hjelp til å snakke ut om ulike utfordringar og ynske dei hadde.