Delar av laget som fekk kulturprisen i Vinje. Knut Berdal Ringhus, (t.v), Aud Groven, Jon Kostveit, Sigurd Bakken, Aslak Bekhus, Øystein Løk, Gjermund Nordskog, Liv Lofthus.
Delar av laget som fekk kulturprisen i Vinje. Knut Berdal Ringhus, (t.v), Aud Groven, Jon Kostveit, Sigurd Bakken, Aslak Bekhus, Øystein Løk, Gjermund Nordskog, Liv Lofthus.

Vinje historielag fekk kulturprisen

– Om de visste kor moro me har det, hadde me vore fleire, sa Olav Nordstoga då Vinje historielag blei tildelt kulturprisen i kommunestyremøtet torsdag.

Historielaget fekk prisen av Vinje kommune for mange års godt arbeid. Ordførar Jon Rikard Kleven takka for arbeidet.

– Det er ei imponerande rekkje med bøker dei har gjeve ut. Det er ikkje mange som har teke seg tid til å skrive om husmennene. I boka «Her budde dei» vart det skrive om husmannsplassar og stover i Vinje. Bøkene gir slektningar moglegheit til å finne igjen namn, og lære meir om slekta si, sa Kleven.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kleven las opp grunngjevinga frå framleggstillar.

– Alle bøkene er rikeleg illustrert, og må vere ei gullgruve for skulane i Vinje, sto det i grunngjevinga.

Leiar i laget Olav Nordstoga tok imot prisen på vegne av laget.

– Det er ei glede å ta imot prisen. Om de visste kor moro me har det, hadde me vore fleire, sa Nordstoga.

– Me takkar vel for prisen, og innerst inne meiner me at den er vel fortent, heldt han fram.

Knut Berdal Ringhus er leiar i skriftstyret og synest det var motiverande å få kulturprisen.

– Arbeidet er moro, og dette inspirerer til å halde fram. I år skriv me om ungdomslaga i kommunen og støylslivet i årsskriftet, seier han.