Kokkane Trond Rustand (t.v.) og Rami Ahmead ved Kafé Teisner er i tenkjeboksen om dei skal overta drifta etter Telemark Lys AS.
Kokkane Trond Rustand (t.v.) og Rami Ahmead ved Kafé Teisner er i tenkjeboksen om dei skal overta drifta etter Telemark Lys AS.

Har tru på vidare kafédrift

Etter signalet om flyktningstopp til Fyresdal byrjar integreringsverksemda Telemark Lys AS å seie opp tilsette og skal slutte som drivar av Kafé Teisner i næringshagen. Det er ikkje avklart om dei to kokkane der vil overta ansvaret for «hjartet» på den store arbeidsplassen.

Tarjei Skålid, dagleg leiar i Telemark Lys AS i Fyresdal, stadfestar at verksemda skal avslutte drifta si av Kafé Teisner som ligg midt i den store næringshagen og kommunehuset i bygda.

– Hovudgrunnen er at kafeen er ein arena for opplæring av flyktningar og deltakarar på attføring. Me reknar ikkje med å få fleire flyktningar til Fyresdal framover, seier Skålid.

Artikkelen held fram under annonsen.

Meir enn 30 kan miste jobben

Telemark Lys AS har om lag 80 prosent av inntektene frå integreringsarbeidet med flyktningane. Verksemda har ei årleg omsetning på om lag ti millionar kroner. Når mykje av desse pengane ikkje kjem inn framover, må noko ut av verksemda, mellom anna kafédrifta.

Vil bli sakna

– Me har gjeve tilsette i kafeen tilbod om å overta, gjerne så fort som råd, seier Skålid.

Dei utdanna kokkane Trond Rustand og Rami Ahmead kan snart kome til å miste jobbane sine i Kafé Teisner, om dei ikkje tek over drifta sjølve.

– Me har lyst til å overta, men må fyrst sjå om det er økonomi i det, seier Rustand, driftsansvarleg på kafeen.

Kokkane trivst med jobbane sine blant trivelege kundar.

– Kafeen er viktig i næringshagen – dei som jobbar der seier kantina er hjartet i bygningen. Så klart kafeen vil bli sakna om tilbodet blir lagt ned, men eg har tru på vidare drift i ei eller anna form, seier Rustand.

Sagt opp to 

Kokkane er ennå ikkje sagt opp av Telemark Lys AS, men det er to andre tilsette i verksemda – på grunn av at det blir stopp på flyktningar til Fyresdal. Dagleg leiar Tarjei Skålid fortel at det skal vere drøftingsmøte med kvar enkelt tilsett om situasjonen. Det kan bli snakk om reduksjon av stillingsprosentar, men det er ikkje vedteke at fleire skal seiast opp enn dei to som alt har fått beskjeden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det har ei tid vore 14 tilsette ved Telemark Lys AS, som er ei arbeids-, inkluderings- og integreringsbedrift. Hovudmålet er å medverke til at fleire beheld arbeidet, eller kjem ut i arbeid.

Etter mange år som attføringsbedrift, er det ikkje slik for Telemark Lys AS i dag. Årsaka til at verksemda blei «avskilta» som attføringsbedrift er fordi det som blir jobba med utgjer for stor del av flyktningar. Nå er det Kvito AS som står ansvarleg for attføringa i Fyresdal, og dei kjøper tiltak frå Telemark Lys AS.

I tillegg til kafeen i næringshagen har Telemark Lys AS kontorlokale i bygget, tek seg av reinhaldet i næringshagen, står bak bruktbutikken Krambua i sentrum av Fyresdal og driv frivilligsentralen i kommunen med tilskot frå staten.

Det er Fyresdal kommune aleine som eig Telemark Lys AS.