Det var noko som bukta seg i vatnet.
Det var noko som bukta seg i vatnet.

Fekk seg ein støkk, men trur ikkje det er sjøormen

Linda Hovden fekk fram kameraet då ho såg noko som bukta seg i Seljordsvatnet.

– Men, nei, eg trur ikkje det er sjøormen, seier Linda Hovden.

Seljordingen var med i båt på Seljordsvatnet 21. juli då dei blei merksame på noko som bukta seg i vatnet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– I dei fyrste tre sekundane gjekk det ein støkk i meg, men eg trur det har ei logisk forklaring. Men det er interessant. Kva er det som gjer at desse bølgjene, som ser ut som nokon som buktar seg, kjem. Det var ikkje tømmerstokkar, men eg tenker at det berre var bølgjer, seier Hovden, som fekk mange reaksjonar då ho la videoen ut på Facebook.

Hilde Hagen-Nielsen, dagleg leiar i Visit Seljord, er derimot overbevist om at sjøormen i Seljordsvatnet lever. Ho hevdar å ha sett sjøormen i 2000, og seier bevegelsane på filmen er dei same.

– Eg var ikkje så nærme, men eg er sikker. Det var heilt stille på vatnet utan nokon båtar som kunne lage bølgjer, og eg hadde godt utsyn, seier ho om sin observasjon.  

– Eg skjønar godt at folk er skeptiske til sjøormen. Det er vanskeleg å tru på noko ein ikkje sjølv har sett, og som ikkje kan bevisast, men me byrjar å få ein del bilde og videoar, seier Hagen-Nielsen.

Gry Kivle i Visit Seljord seier det har vore lite sjøormobservasjonar i sommar.

– Det vert sagt at sjøormen viser seg mest på varme og solfylte dagar, så ein slik unik observasjon som me har fått no har me venta på i heile sommar, seier Kivle, som bed folk som har bilde eller video om å ta kontakt slik at kommunen kan dokumentere observasjonane i sjøorm-arkivet.

Ho seier førre gong sjøormen blei filma var i 2012, då frå Sjøormtårnet i Seljord. Filmen Hovden tok i sommar er frå om lag same området.

– Det ser ut som at det er om lag same storleik på ormen og at det er liknande bølgjer ho etterlet som i videoen frå 2012, seier Kivle.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei eldste skriftelege kjeldene om observasjonar av ein sjøorm er frå 1750.