Sjå alle innslaga frå VTBs valvake
Her finn du innslaga som vart sendt i løpet av VTB-TV si valvake måndag kveld. Du finn også opptak av heile sendinga, utan pausar.
74 år og fyrstegongsveljar
Kunstnaren Karen Roed Jensen kjem frå Danmark, og bur no i Høydalsmo, der ho og mannen driv galleri og rammeverkstad. Flytting att og fram mellom dei nordiske landa er ein av grunnane til at 74-åringen aldri før har stemt. Men no har ho bestemt seg for å la det stå til.
Artikkelen held fram under annonsen.
Alternative parti i Høydalsmo
Har du høyrt om Motorpartiet, Bygdepartiet, Barbiepartiet og Solbrillepartiet? VTB møtte representantar frå alle desse partia medan dei rigga seg til for å drive valkamp på Høydalsmo skule.
Fyrstegongsveljar i Vinje
Bak disken i Lega-kafeen på Rauland møtte me øyfjellingen Tea Müller. I år skal ho stemme for aller fyrste gong, og ho har førebudd seg godt.
Eldre om eldreomsorg
Hilda Tjønn og Gudrun Rorge bur på Rauland omsorgssenter, og begge har førehandsrøysta. Dei tenkjer attende til gamle dagar, då dei gamle vart sett på legd, og er glade for at dei sjølve blir så godt tatt vare på.
Intervju med Halvor Homme
Halvor Homme (Ap) er inne i sine siste veker som Nissedalsordførar, etter tre periodar. Han deler refleksjonar kring dei tolv siste åra, før Ian Parry-Jones (Sp) tek over ordførarkjedet når det nye kommunestyret blir konstituert i oktober.
Artikkelen held fram under annonsen.
Veljarar i Nissedal
Kva er viktig for veljarane i Nissedal ved valet? VTBs eigen Knøs finn ut.
Veljarar i Fyresdal
Kva så med veljarane i Fyresdal? Er dei nøgde med å berre ha to parti å velje på?
Politikarquiz på Dalen
Ei drug veke før kommunevalet deltok alle Tokke-partia på quiz på Kroa på Dalen. Om det smartaste laget også vinn valet – det vil tida vise. SV visste i alle fall kva forkortinga VR betyr...