Ulykke: Brannvesenet på veg til trafikkulykke i Kviteseid fredag ettermiddag.

To MC-ar velta i Kviteseid

Naudetatane fekk melding om ei trafikkulykke på Kviteseidvegen ovafor Kviteseid Bygdetun fredag ettermiddag.

Politiet i Sør-Aust politidistrikt melder på Twitter at to motorsyklar hadde kvelva. Ein av førarane var i 50-åra frå Grenland, den andre føraren, ein mann i 60-åra, busett i Danmark.

Politiet var på staden. Førarane blei sjekka av ambulansepersonell, og var ikkje skadd. Begge MC-ane var køyrbare etter uhellet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Politiet opnar trafikksak, melder politiet på Twitter.