Må rekne med å vente: Tunnelarbeida på E134 Haukelifjell startar opp igjen onsdag 15. juni og held på fram til hausten 2022.

Kolonnekøyring heile døgnet på E134 Haukelivegen

Det blir ikkje nattestengt over fjellet som først varsla i sommar.

– Dette betyr at det blir kolonnekøyring heile døgnet over Haukelifjell, både ved Vågslid og over Dyrskar. Dette gjeld for alle køyretøy, seier prosjektleiar Stig Berg-Thomassen i ei pressemelding.

Det kan stå att noko arbeid som kan føre til stenging enkelte netter. Dette blir varsla via Vegtrafikksentralen. Sjølv om det nå ikkje blir nattestengt, oppfordrar Statens vegvesen trafikantane til framleis å førebu seg på noko ventetid.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Planlegg turen og reis tidleg på dagen. Trafikken hopar seg erfaringsmessig opp frå 12:00-tida og ut over dagen, er rådet frå Vegvesenet, som også ber folk ha med ekstra drikke og niste, fylgje tilvisingane frå trafikkdirigentane, og vera tolmodige og ta seg god tid.

– Køyr forsiktig og hald avstand, er det siste rådet frå Vegvesenet.