Har du ikkje vinterdekk, kjem du ikkje med i kolonnane

– Bruk vinterdekk over E134 Haukelifjell, melder Statens vegvesen.

Det er i natt meldt snøfall og vind på Haukelifjell.

– Utan vinterdekk kjem ikkje bilistane med i kolonnane på omkøyringsvegen over Dyrskar og Vågslid, melder Statens vegvesen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Meteorologisk institutt har meldt dårleg vêr for Haukelifjell til natta. Det er meldt vind og 15 cm snø.

– Med eit slik vêrvarsel seier det seg sjølv at bilistar som skal over fjellet må ha vinterdekk, seier byggeleiar Ingar Reinskås.