Dei to som er sikta for aktlaust drap er sleppt fri

Ingen av dei to som var i bilen der ein 21-åring mista livet, hugsar noko frå ulykka.

Andreas Nyhaug og Heidi Ysen forsvarar dei to mennene i 20-åra som er tiltalt for aktlaust drap etter den tragiske ulykka i Bandaksli i Tokke natt til laurdag. Til avisa Varden seier dei to forsvarane at dei to mennene ikkje hugsar kva som skjedde fordi dei var påverka av alkohol.

Dei to blei arresterte laurdag etter å ha vore til sjekk på sjukehuset. Begge blei sleppt fri i dag, måndag. Forsvararane seier til avisa at dei er svært prega av det dei opplevde.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ingen av dei to har tatt stilling til skuldspørsmålet, skriv Varden.

Les også
Politiet er sparsame med opplysingar
Les også
Mann (21) mista livet i trafikkulykke