Marie, Sigrid, Ida og Mathea har spelt fotball sidan 1. klasse

Marie Østerhus Teigen (f.v.), Sigrid Godtland, Ida Lio og Mathea Gulseth på Åmdal/Tokke jenter 17.

Og jentene på Åmdal/Tokke 17 har ingen planar om å sette fotballskoa på hylla.

– Det er veldig sosialt og veldig moro, fortel Marie Østerhus Teigen. 

Lagvenninne Sigrid Godtland nikkar. 

– Det er så gøy at nesten alle er med, seier ho. 

I fotballklubben Åmdal/Tokke er jenter 17 det eldste laget. Jentene på dette laget har akkurat fullført tiandeklasse eller dei er ferdige med fyrste året på vidaregåande. 

Det sosiale med fotball er viktig for Sigrid Godtland (f.v.), Ida Lio, Mathea Gulseth og Marie Østerhus Teigen.

Kvifor dei byrja å spele fotball hugsar dei ikkje heilt. 

– Det var vel foreldra våre som tok oss med, seier Ida Lio. 

– Alle starta på fotball, seier Marie. 

Jentene meiner dei byrja å spele fotball då dei starta i 1. klasse. Medan Marie, Ida og Sigrid har spelt for Åmdal/Tokke heile tida, byrja Mathea Gulseth som kjem frå Eidsborg, i Høydalsmo. Men nå spelar ho for Åmdal/Tokke som keeper eller spiss. Jentene fortel at dei ikkje er mange nok på laget til at alle har faste posisjonar. Ida speler helst forsvar eller spiss, medan Marie held seg på midtbanen. 

Mange tap i vår

Berit Bekk er lagleiar for laget og Malin Sollid Hommo er trenar. Berit fortel at jentene er ivrige og helst ikkje vil ha pause frå fotballen om vinteren. Derfor trenar dei stort sett heile året, kvar veke har dei ei trening med fotball og ei med styrke og intervall. Jentene fortel at dei fleste trenar litt aleine i tillegg, men å møtast på fotballbanen for å spele saman utanom kamp og trening er det mindre av enn før. 

Marie Østerhus Teigen på trening med laget.

– Når me var yngre spela me mykje fotball på fritida også, seier Marie. 

Nå har dei det meir travelt med både skule og jobb. 

I vår spelte jentene i 2. divisjon. Der møtte dei Treungen og Rjukan/Tinn, og elles lag frå Grenlandsområdet. 

– Me tapte alt, me, fortel Sigrid og gliser.

Jentene frå Åmdal/Tokke hadde ingen sigrar i løpet av våren, men fekk ein uavgjort. Det resultatet fekk dei mot Rjukan/Tinn som også enda opp med eitt poeng. Åmdal/Tokke er likevel sist på tabellen på grunn av målforskjellen. 

Mathea Gulseth spelar både angrep og keeper.

– Stemninga på laget er god, også når me tapar, fortel Mathea. 

Ein tur på «Maccarn» etter bortekampane fiksar det meste.  

Målet for haustsesongen er klart. 

– Då skal me vinne masse og ha ingen tap. Eller i alle fall vinne litt, seier Marie. 

Sjølv om tapa er fort gløymt er konkurranseinstinktet på plass. 

Ida (t.v.) og Sigrid har spelt fotball sidan dei var små.
Mathea (t.v.) og Marie trenar saman to gonger i veka.

– Eg må innrømme at me blir litt sinna av og til, fortel Ida. 

– Det er ikkje så ille å tape 10-1, men 4-3 eller uavgjort 2-2. Då er me så nære. 

Lagleiar Ellen fortel at sjølv om det har blitt ein del tap på jentene i vårsesongen har dei hatt ein veldig progresjon, og at dei siste kampane var veldig gode. Til hausten blir det nye moglegheiter i ny serie. 

Mange trenar mykje

Fotball er verdas største idrett med rundt 265 millionar spelarar i heile verda. Tal frå Ungdata viser at organisert idrett står sterkt hos norske ungdommar. Treningsaktivitet har vore registrert i Ungdata sidan 2014, og då åra med pandemi var over viste undersøkingane at ungdommane nå er meir interesserte i trening enn før pandemien. Likevel var det litt færre som var med i organisert trening under pandemien, og særleg gjekk tala noko ned hos jentene. Nasjonale tal frå 2022 viste at 74 prosent av ungdommane var med i eit idrettslag  etter at dei byrja på ungdomsskulen og 92 prosent har deltatt i organisert idrett sidan dei var ungar. 

Skjermdump frå Ungdata 2024.
Skjermdump frå Ungdata 2024.

Ungdata-undersøkinga for Tokke i 2024 viser at dei aller fleste ungdommane i kommunen trenar på fast basis. Medan berre fem prosent svarar at dei aldri trenar svarar 68 prosent av tokkeungdommane at dei trenar tre-fire gonger, eller minst fem gonger i veka. 

I Åmdal/Tokke har dei totalt rundt 100 aktive spelarar og i 2022 vart klubben heidra med å bli «Årets jenteklubb» i Telemark fotballkrins. Premien var ein diplom og 5 000 kroner. 

Ikkje så mykje skader

For Mathea, Ida, Sigrid og Marie er det veldig sosialt å vere med på fotball. Dei hugsar godt cupar i Vinje og Høydalsmo som mindre, og Norway Cup då dei var litt større. Å reise på cup fører laga tettare saman, fortel jentene. 

Lars Erik Espedalen er stipendiat ved Forskningssenter for barne- og ungdomsidrett på Noregs idrettshøgskule (NIH), ved Institutt for idretts- og samfunnsvitskap. Han har forska mellom anna på årsaker til fråfall til organisert idrett, og har mellom anna funne ut at det er fleire jenter enn gutar som oppgjev sjukdom og skader som årsak til at dei sluttar. 

Jentene på Åmdal/Tokke har ikkje vore så veldig plaga av skader. Nokon kan kjenne at fotballen kan slite på knea, og Mathea har fått litt skader som keeper. På ein kamp fekk ho tommelen ut av ledd. 

– Men eg fekk ein ball på den igjen så den kom tilbake på plass når eg var ute på banen, fortel Mathea og ler litt. 

Men ein liten helsesjekk måtte likevel til. 

Engasjert publikum

Til hausten stiller jentene i pokalserie. Mathea flyttar til Trondheim for å gå på skule, men dei andre jentene blir heime på Dalen og skal på skule her, og har ingen planar om å gje seg. 

– Eg skal spele fotball så lenge det er lag, seier Ida. 

Jentene fortel at dei er greie mot kvarandre på laget, men meiner dommarane ofte er for snille. Ein del stygge ord blir sagt ute på banen. Særleg frå bylaga, meiner jentene. 

– Det er mykje som blir sagt på banen, og dommarane gjev aldri gult kort, seier Mathea. 

Jentene meiner dommarane ikkje får med seg alt som skjer i løpet av ein kamp.

– Det hadde vore mange gule kort om dei høyrde kva som blir sagt ute på banen, trur Ida.  

Uansett resultat har laget ein svært trufast heiagjeng, både foreldre, søsken og andre kjem for å sjå. 

– Foreldra her på Dalen er veldig engasjerte. Me treng ikkje køyrelister til bortekampane, for det er så mange som blir med, fortel Mathea. 

Og på heimekampane kjem det alltid mange. 

– Me har ein eigen gutegjeng som alltid kjem, heiar og syng, fortel jentene. 

– Og foreldra dykkar stiller opp? 

– Dei stiller opp, nikkar Sigrid. 

– Ja, det er greitt. Dei treng ikkje rope høgare enn dei gjer, seier Ida. 

Heile laget samla. Bak frå venstre: Malin Solli Hommo, Karin Elise Karlsen, Sigrid Godtland, Linea Bekk, Berte Bratland Høgset, Tomine Haugholmen, Gøril Frantzen, Ida Lio, Johanna Bratland Høgset og Andrea Aase Vadder. Framme frå venstre: Ingeborg Otterholt, Synva Prestegaard Felland, Mathea Gulseth, Mali Anundskås, Marie Østerhus Teigen ogThea Lunde. Emma Sordal Heggard var ikkje til stades då bilete vart teke.



Powered by Labrador CMS