Dei to andre som var i bilen er arresterte

Ingen av dei to overlevande frå dødsulykka på Bandakslivegen i Tokke vedkjenner å ha køyrd bilen der ein 20-åring mista livet.

Det skriv avisa Varden laurdag kveld.

Dei to som båe er i 20-åra var med i minibussen som køyrde av vegen natt til laurdag og der ein mann mista livet. Dei to var i sjokk, men fysisk nesten uskadde etter ulykka, og blei frakta til sjukehuset. Klokka 13 blei dei arrestert av politiet, skriv avisa. Formelle avhøyr er gjennomført.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei er sikta etter straffelovas paragraf 281 for aktlaust drap. Ingen av dei vedkjenner å ha køyrd bilen der den unge tokkebuaren mista livet, og dei seier dei ikkje hugsar kven som køyrde.

Politiet ynskjer ikkje at dei to skal snakke saman eller påverke vitne og mellom anna derfor er dei plasserte på kvar si celle, melder Varden.

Begge dei sikta har avlagt ei utvida blodprøve.

Les også
Mann (21) mista livet i trafikkulykke