Grenda blei råka av uvêret igjen
Halvannan månad sidan dei enorme nedbørsmengdene regna over Vefall Brekke sist, kom det natt til onsdag nytt uvêr.
Det blei tysdag varsla store nedbørsmengder i Midt-Telemark. Varslelet omfatta også delar av Seljord kommune. Og som i juli har Vefall Brekke igjen blitt råka. Brekkegrendvegen er nå stengt.
Alf Kjetil Runningen bur like ved Rv36 på Seljord-sida av kommunegrensa mellom Seljord og Midt-Telemark. Han seier til VTB at han var oppe klokka 5. Då såg det greitt ut. Ein halv time seinare var det full flaum. Han var i gang med oppryddingsarbeid då lokalavisa var innom måndagsmorgonen, og kunne mellom anna fortelje om vatn i kjellarane, flaum som har tatt gjerde og veg som har rasa ut.
Artikkelen held fram under annonsen.
Stengde vegar
Veginfo frå kommunen
Den kommunale vegen Brekkegrendvegen er stengt. Det er forventa at vegen opnar i løpet av føremiddagen.
RV36 har det er redusert framkome ved Brekkegrenda og denne vegen er heilt stengt ved Gvarv.
E134 mot Kongsberg/Drammen/Oslo er E134 stengt i Notodden, men Jondalen er framleis open.
Det er open veg til/frå Lunde så Bø–Lunde og vegen om Seljordsheii–Kilen–Lunde er framleis open. Merk denne vegen har dårleg kapasitet og er smal.
Kjelde: Beredskapsleiinga i Seljord kommune etter møte klokka 8.
I Seljord er det igjen Vefall Brekke på kommunegrensa mellom Seljord og Midt-Telemark som har fått mest nedbør. Ole Jonny Flatland, kommunalsjef for samfunnsutvikling og drift, seier til VTB onsdagsmorgonen at nedbøren har treft nesten nøyaktig som i juli. Nabokommunen Midt-Telemark sette krisestab i natt, og dei sytte også for at innbyggjarar nede ved vegen i Vefall Brekke blei evakuerte. Ved 6-tida var det så mykje vatn i vegen (Rv36) at mannskap frå teknisk ikkje torde køyre der. Nå er vatnet på veg ned og kommunen evaluerer situasjonen fortløpande. Vegen er nå open ved kommunegrensa mellom Seljord og Midt-Telemark.
– I Seljord har det gått relativt greitt. Vegen er stengt ved Ulvenes på grunn av jordras. Det er meldt til Vegtrafikksentralen. Me avventar situasjonen, men har entreprenør i beredskap som kan bli klar på kort varsel, seier Flatland, og legg til at kommunen har rigga seg godt.
Oppdatert: Vegen på Garvikstrondi ved Ulvenes er open.
Alle innbyggjarane i Vefall Brekke er varsla per sms om at dei må vera varsame, og la bilen stå om det er mogleg.
Verken Seljord sentrum eller Flatdal har blitt råka slik prognosane antyda.
Kommunalsjefen ber folk halde seg oppdaterte på trafikkmeldingane til Vegvesenet før dei skal ut å køyre. Notodden er hardt ramma, og ein køyretur til dømes til sjukehuset der kan bli utfordrande tidleg onsdag.
E134 er stengd rett nord for Notodden på grunn av flaum. I tillegg er riksveg 36 stengd ved Gvarv og ved Kåsamoen. Dessutan er Hørtevegen i Gvarv stengd.
Artikkelen held fram under annonsen.
Oppdatert: Rv36 er no open att.
På Bratsbergbanen er strekninga mellom Nordagutu og Notodden stengd på grunn av flaum. Her køyrer Vy taxi for tog. I tillegg er det forseinkingar mellom Nordagutu og Neslandsvatn på Sørlandsbanen på grunn av vanskelege vêrforhold.
Oppdaterte trafikkmeldingar frå Statens vegvesen finn du her.