Alle tog mellom Oslo og Kristiansand er innstilte – ingen alternativ transport

Go Ahead innstiller alle tog mellom Oslo og Kristiansand på grunn av vêrforholda onsdag.

– På grunn av vêrforholda har vi vedteke å ikkje køyre tog på Sørlandsbanen mellom Oslo og Kristiansand. Førebels gjeld dette for i natt og ut driftsdøgnet 3. januar. Arendalsbanen er også framleis stengt, skriv Go Ahead på nettsidene sine .

Dei skriv at dei heller ikkje vil setje opp alternativ transport.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vêret skaper også problem på vegane og det vil derfor ikkje bli sett opp alternativ transport for dei ramma avgangane. Vi kan ikkje risikere å stå i ein situasjon der vi ikkje får gjennomført evakuering. Tryggleiken til passasjerane våre og tilsette går alltid først, skriv Go Ahead.

(©NPK)