Vesttelar hevda seg i noregscuptoppen

Åtte vesttelar frå tre ulike klubbar gjekk solide renn i noregscupen i Oppdal i helga.

Tre av utøvarane frå Vest-Telemark konkurrerer mot kvarandre i 18-årsklassa. Eivind Gaastjønn (Team TeVe/Fyresdal skiskyttarlag) imponerte stort på sprinten og gjekk inn til ein sterk 6. plass etter totalt tre bom på dei to skytingane. Han var 40 sekundar bar Brynjar Thorshaug frå Alvdal som vann rennet.

Skiskyttarar: Halvor Trondsson Hove og Eivind Gaastjønn etter laurdagens renn, med høvesvis 13.plass og 6.plass. Foto: Privat

Halvor Trondsson Hove (Team TeVe/IL Dyre Vaa) gjekk inn til 13. plass. Han bomma to gonger og var 1.47 bak vinnaren. Thomas H. Øverland (Team TeVe/Seljord IL) blei nummer 38 på sprinten.

Sundag var det fellesstart i Oppdal, med ti kilometer og fire skytingar. Thomas H. Øverland hadde ein mykje betre dag og blei til slutt nummer 14. Gaastjønn gjekk inn til 27. plass, medan Hove blei nummer 46.

Noregscup: Thomas H. Øverland etter sundagens fellesstart og 14 plass. Foto: Privat

60 deltakarar var påmeldt i 18-årsklassa.

Guro Ingebjørg Kleiv (Team TeVe/IL Dyre Vaa) gjekk inn til 26. plass i 18-årsklassa laurdag, men sundag imponerte ho stort og blei nummer 13. Ho skaut feilfritt på dei to fyrste skytingane, men bomma fem gonger på dei to siste.

Vilde Aamlid (Team TeVe/Fyresdal skiskyttarlag) deltek i 19-årsklassa. Ho blei nummer 22 laurdag, men tok ein flott 13. plass sundag. Alise Nekstad Grave (Team TeVe/Fyresdal SSL) blei høvesvis nummer 31 og 29.

Blant 17-åringane blei Sverre Kornmo Enger (Team TeVe/Fyresdal SSL) nummer 72 laurdag og 62 sundag. Nora Johanne Nystog (Team TeVe/IL Dyre Vaa) tok to 26. plassar i Oppdal.