PÅ PALLEN: Tuva Smalås Bergheim gjekk inn til tredjeplass i Kvalfoss-sprinten.

Tuva (12) klatra opp på pallen

Tuva Smalås Bergheim (12) er ein av de beste skiskyttarane på sitt alderstrinn i landet. Den unge fyresdølen kunne i helga igjen klatre opp på pallen i eit nasjonalt skiskyttarrenn.

I fjor blei det tredje- og fjerdeplass på Tuva i Ungdommens Holmenkollrenn – eitt av landets største skiskyttarrenn. Det skulle derfor litt til for å følge opp det i Kvalfoss-sprinten. Tuva hadde då ho kom til Oslo ambisjonar om å kjempe om gode plasseringar også i år. Det skulle vise seg at ho var kapabel til det, trass tøff konkurranse. Mange av de beste i landet møtest til dyst i rennet – eit av dei største og mest prestisjefylte i løpet av sesongen.

– Eg er veldig fornøgd med at eg gjorde det nesten like bra i år som i fjor. Då blei det tredje- og fjerdeplass. I år blei det tredjeplass på sprinten og sjetteplass på normalprogrammet, seier Tuva som veit å treffe blinken når det fungerer på standplass. Farten i sporet er også god. Det må den nesten vere for å hevde seg i dette selskapet. For det er mange som går fort på ski.

Artikkelen held fram under annonsen.

Produkt av eit godt miljø

Fyresdal har heilt sidan skiskyttarsporten blei introdusert i bygda hatt eit godt skiskyttarmiljø. Det er etter kvart mange fyresdølar og utøvarar frå nabobygdene som har representert det skiskyttarlaget, og som har hevda seg i nasjonal samanheng. Tuva Smalas Bergheim føyer seg inn i rekka av dei. Ho går også litt vanleg langrenn – men det er skiskyting som er artigast.

– Det er rundt ti rekruttar som er med på fellestreningane. Miljøet i Fyresdal er veldig bra, seier Tuva som trenar opp mot fem gonger i veka.

Det må til for at ho skal halde fram den fine utviklinga. I vinter har ho gått over til å skyte med reim, slik alle som konkurrerer i 13-årsklassen er nøydde til å gjere.

Det har vore ein overgang og tilvenningsprosess som tar tid. Det går likevel betre og betre for Tuva, som fyller 13 år i september. Ho er også ivrig på fotball i sommarhalvåret.

Fekk kjenne på nervane

– Eg var veldig nervøs før start både laurdag og sundag, seier Tuva.

Ho hadde i Kvalfoss-sprinten høgare spenningsnivå enn det ho bruker å ha i dei mindre renna. Framover skal ho og fleire andre fyresdølar delta både i landsdelsmeisterskapen og ikkje minst Liatopp-sprinten, som er verdas største skiskyttararrangement. Det går i april og er sesongavslutning for dei yngste.