HAR MEIR INNE: Torjus Tveiten Golid føler han har meir inne enn det han fekk tatt ut i helga. Sjølv om han også i år gjorde det bra i Kvalfoss-sprinten.

Torjus (16) har eit klart mål for sesongen. – Forhåpentlegvis peiker formpila rett veg dei neste vekene

Torjus Tveiten Golid frå Nordbygdi i Seljord er ein av de mest spennande skiskyttarane i krinsen i 16-årsklassa. Ambisjonen denne sesongen er å kvalifisere seg for Young Star-finalen i Holmenkollen.

Det er eit arrangement som er reservert dei 30 beste 15- og 16-åringane i Noreg. Young Star-finalen er ein del av verdscuparrangementet i Holmenkollen. Seljord-utøvaren trur det skal vere mogleg å kome med, sjølv om nålauget er trongt. Friskusen fortel til Vest-Telemark blad at han er nøydd til å gjere det bra i dei siste kvalifiseringsrenna.

– Eg var godt innafor etter laurdagens sprint i Kvalfoss-sprinten. Men ettersom det gjekk mykje tyngre enn det eg håpa på i sundagens normalprogram, er eg nok nå i grenseland for å kome med. Det blir nødvendig for mitt vedkommande å prestere i landsdelsmeisterskapen og Hovudlandsrennet. Prestasjonane i dei to rennene tel også i uttaket, seier Tveiten Golid.

Artikkelen held fram under annonsen.

Laurdag gjekk Torjus Tveiten Golid inn til ein solid 12. plass. Sundag blei han nummer 40.

Høgt toppnivå

Torjus Tveiten Golid har fleire gonger bevist at han har eit høgt toppnivå. For eitt år sidan kunne han reise heim frå Kvalfoss-sprinten og tilbake til vestfylket med ein femteplass. Han hadde også eit ambisiøst mål om å bli blant dei fem beste ein av dagane i år. Det klarte han ikkje. Niandeklassingen er, etter ein sjukdomsperiode, ikkje i sin aller beste langrennsform for tida.

– Eg treng fleire hardøkter, renn og gjennomkøyringar før eg får tatt ut det eg er god for i langrennssporet. Forhåpentlegvis så peiker formpila rett veg dei neste vekene. Hovudlandsrennet på Lillehammer og Young Star-finalen er dei arrangementa eg har mest lyst til å prestere i denne vinteren. Eg skal prøve å bygge opp ein formtopp til Hovudlandsrennet, seier Tveiten Golid.

Har tatt nye steg i vinter

Tveiten Golid har heilt sidan han begynte med skiskyting vore blant dei beste på sitt alderstrinn i krinsen. Han har også tatt steg denne hausten og vinteren. Presisjonen på standplass er betre, og han har større fart i langrennssporet. Det har konkurrentane fått erfare dei gongene han er i form.

Han reknar andreplassen i opningsrennet på Geilo som den beste prestasjonen så langt i vinter. Der var det utøvarar frå mange forskjellige krinsar som måtte seg slått av ungdomsskuleeleven, som fortel han har lyst til å halde fram skiskyttarsatsinga.