Langrennstalent: Gunhild Kvålseth og Johannes Lønnestad Flaaten. Foto: Privat

Testa formen før noregscuprenna

Hovden-elevane Johannes Lønnestad Flaaten og Gunhild Kvålseth reiste heim frå Kongsberg med fyrste- og andreplass.

Dei to som båe representerer Morgedal IL var med i Tour de Kongsberg for å teste formen før noregscuprenna på Lygna til helga. Flaaten vann 18-årsklassa blant gutane, fire sekundar føre Albert Berget frå IL Skrim. Kvålseth blei nummer to blant dei 18 år gamle jentene. Ho var 1 minutt og 31 sekundar bak Maria Hartz Melling frå Konnerud som vann løpet.